nyhende
Kraftig fall i lojaliteten blant norske Tesla-eigarar
Lojaliteten blant norske Tesla-eigarar har falle mykje, viser ei undersøking. Berre 51 prosent svarer no at dei vil velje Tesla igjen, mot 75 prosent i fjor.
– Dei som har kjøpt ein Tesla har vore veldig begeistra for bilen, sjølv om dei har opplevd problem med utlevering og service, men no har alt dette blitt utfordra, seier Mikkel Korntved, administrerande direktør i Loyalty Group, som har gjennomført undersøkinga, til bransjenettstaden Bilbransje24.no.
Utviklinga er den same i Danmark og Sverige, men nedgangen er størst i Noreg, ifølge TV 2.
– Har ein høg emosjonell lojalitet, har ein også eit heilt anna nivå av tilgiving. Begynner han å svikte har det ein dramatisk effekt, utdjupar Korntved.
Blant dei tradisjonelle premiummerka er det berre Lexus som aukar lojaliteten. Her seier 80 prosent av eigarane at dei vil kjøpe same merke igjen, ein auke på sju prosentpoeng frå fjoråret.
Trass i lågare lojalitet held Tesla fram med å gjere det sterkt salsmessig. Model Y ligg an til å bli Noregs mest selde personbil i april. Etter ein treg start tidleg på året har utleveringa av nye Teslaer nyleg tatt seg kraftig opp.
(©NPK)