nyhende
Kraftig auke i straumprisen
Folk i nord kan vente seg eit kraftig hopp i straumprisen tysdag. Det same skjer i Midt-, Vest- og Sør-Noreg.
Tysdag er det varsla ein lik makspris over heile landet på godt og vel 5 kroner per kilowattime mellom klokka 17 og 18.
Det er ei femdobling av snittprisen måndag, som søndag vart varsla til 48,1 øre.
Det er ei historisk toppnotering for Nord- og Midt-Noreg, skriv Europower.
Dyrare magasinkraft
Hovudårsaka til prishoppet er at straumprodusentane no har byrja å tappe frå fleirårsmagasina, seier straumanalytikar Tor Reier Lilleholt til NTB.
– Fram til førre veke vart forbruket dekt av uregulerbar kraft. No har ein byrja å tappe vatn frå magasina. Den krafta har ein heilt annan pris, seier han.
Særleg i Nord-Noreg har magasina ifølgje Lilleholt vore tappa mykje ned i haust, og det har vore eksportert store mengder straum.
– Samtidig har det vore lite nedbør og dermed lite påfyll. Dermed har vatnet som er igjen i magasina, fått ein mykje høgare verdi, seier han.
Blir målt mot gass
Prisen blir målt opp mot prisen på gass, og dessutan det som er venta å bli prisen i vintermånadene.
Etter at EU fekk fylt opp gasslagera sine, falle gassprisane noko, men også det har snudd igjen, seier Lilleholt.
– EU har byrja å bruke av gasslagera, derfor har også prisane byrja å stige igjen.
I tillegg vil lite vind i Europa bidra til høgare prisar tysdag.
Ei anna årsak til dei høgare prisane er kulde. I slutten av neste veke er det spådd ein gjennomsnittstemperatur ned mot minus 5 grader i Noreg.
Store variasjonar
– Denne vinteren kjem vi til å sjå store variasjonar i prisane, avhengig av vêret. Framover vil det bli mykje kaldare, og då er det venta eit forbruk likt det ein normalt har i januar og februar, seier Lilleholt.
Han tilrår samtidig kraftprodusentane å produsere så mykje straum som mogleg no for å halde straumprisane så låge som mogleg.
– Men risikerer ein då ikkje faretruande tomme magasin igjen?
– Den risikoen må ein ta. Men det vil jo komme meir nedbør gjennom vinteren, påpeikar Lilleholt.
(©NPK)