Hos restplass.no har det i juni og juli vore ein auke på 30 prosent i salet av pakkereiser samanlikna med sommaren i fjor, skriv E24.
– Sommaren i fjor var ikkje all verda og vinteren har vore lang og dryg. Med sommarvêret i år her heime har pågangen etter restplassar vore eksplosiv, seier dagleg leiar Hans Christian Birkeland i restplass.no til avisa.
Også reisebyrået Ving har hatt ein stor salsvekst i sommar, og opplyser til E24 at dei har hatt fulle fly til alle charterreisemåla sine i juli. Dei har denne veka hatt ein salsauke på 28 prosent samanlikna med same veke i fjor.
Reiseoperatøren Tui melder også om høg interesse, og meiner vêret har skulda.
– Interessa for restplassar har vore skyhøg i juli i år, fordi sommarvêret på Austlandet ikkje har innfridd forventningane til dei fleste, seier kommunikasjonssjef Anne Mørk-Løwengreen i Tui.