nyhende

Eit par hundre føretak innanfor varehandel og bilverkstader gjekk konkurs i første kvartal. ARKIVFOTO: KNUT FJELDSTAD / NTB / NPK
Eit par hundre føretak innanfor varehandel og bilverkstader gjekk konkurs i første kvartal.

Kraftig auke i konkursar

Høge straumprisar og rente bidreg til kraftig kostnadsauke, som sender mange bedrifter over kanten. Talet på konkursar steig med 40 prosent i første kvartal.

Publisert Sist oppdatert

— Det er ikkje unaturleg at det kjem ein auke i konkurstala no. Bedriftene klarte å redusere kostnadene sine kraftig under pandemien, og blir no møtte av ein brei og kraftig kostnadsauke, seier analytikar Brit Elise Melhus i Dun & Bradstreet til NTB.

I første kvartal i år vart det registrert 1.317 konkursopningar – 40 prosent fleire enn i same kvartal i fjor. Det har ikkje vorte registrert ein like kraftig kvartalsvis auke sidan 2019, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Konkursane fordeler seg over heile landet. Den største prosentvise auken finn vi i Nordland og i Vestland fylke, med høvesvis 69 og 57 prosent fleire konkursar.

MelhusŽ tal for første kvartal i år, viser ei tilsvarande utvikling. Talet på konkursar auka med 39,6 prosent. I mars åleine steig konkurstala med 36,9 prosent, ifølgje kvartalsrapporten Dun & Bradstreet.

— Høge straumprisar og auka rente er nok medverkande årsak til denne utviklinga, seier seksjonssjef Erik Fjærli i Statistisk sentralbyrå.

Brei kostnadsauke

Han poengterer overfor NTB at konkurstala ikkje er spesielt høge i eit nærhistorisk perspektiv, sjølv om vi opplever ein kraftig auke akkurat no. Næringslivet opplevde eit nesten like stort fall i talet på konkursar våren 2020, då landet var nedstengt og Solberg-regjeringa delte rundhanda ut støttekroner til bedrifter og bransjar.

Etter å ha lege lågt i nokre år, er omfanget av konkursar no omtrent tilbake på same nivå som før pandemien, konkluderer både SSB og Dun & Bradstreet.

— Vi ser ein auke særleg i bygg og anlegg med 38 prosent, og dessutan varehandelen med heile 67 prosent. Det er ofte små føretak med berre tre–fire tilsette. Samtidig ser vi ein kraftig nedgang i igangsetjing av nye bustader og ein nedgåande trend i omsetningsvolumet til detaljhandelen, forklarer Fjærli om nokre av årsakene.

Melhus understrekar på si side at det ikkje er auka straumprisar og den høge inflasjonen den siste tida åleine som sender bedrifter over kanten. Kostnadsauken er breitt fordelt og ligg mellom anna i dyrare innsatsfaktorar frå utlandet, der også den svake kronekursen speler ei viktig rolle.

Heldt i live av statsstøtte

— Svak kronekurs er kjærkomme for dei som lever av å eksportere varene sine, men surt for dei som må importere. Det gjeld typisk elektronikk. Det er klart at dei som er avhengige av import for å selje, får kjenne dette, supplerer Fjærli.

Dessutan har mange bedrifter og næringar nytt godt av rause støtteordningar under koronapandemien. Statlege støttekroner har truleg halde liv i bedrifter som ville gått under uansett.

— Mellom anna ser vi ein auke i hotell- og restaurantbransjen som kanskje kjem seinare enn han elles ville ha gjort, seier Melhus.

— Konkursar rammar vanlegvis føretak som har slite lenge. Det vi ser no er nok ei opphenting frå før pandemien. Det er nok ein del føretak som har vorte haldne i live av diverse offentlege hjelpetiltak som no går konkurs, seier Fjærli.

Powered by Labrador CMS