nyhende

Politiet har oppretta sak og beslaglagt førarkortet.
Politiet har oppretta sak og beslaglagt førarkortet.

Køyrde i autovernet

Ei kvinne midt i 50-åra blei kjørt til sjukehus etter eit trafikkuhell i Sveio søndag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Politiet har fått melding om noko vinglete køyring før bilen traff autovernet ein stad på Tittelsnesvegen. Dette skjedde ved 20-tida, fortel vaktsjef Brit Jorunn Løvereide ved Haugesund politistasjon.

Naudetatane rykka ut til ulykkesstaden. Den kvinnelege bilføraren blei tatt med i ambulansen. Ifølge politiet framsto ikkje skadeomfanget som svært alvorleg.

Løvereide fortel elles at politiet har oppretta sak, og at bilføraren sitt førarkort er beslaglagt.

– Det er mogleg mistanke om promillekjøring. Blodprøve er tatt på sjukehuset, seier Løvereide.

Powered by Labrador CMS