nyhende

PolitiSveio sentrumStock photo
Ein person vart teken i arrest etter skremmande oppførsel onsdag kveld. Illustrasjonsfoto.

Køyrde av vegen

Ein sjåfør fekk førarkortet teke i beslag etter ei ulukke.

Publisert Sist oppdatert

– Det var eit trafikkuhell i Sveiogata, kor ein sjåfør køyrde av vegen og ned i ei grøft, seier vaktsjef Gunnar Sande ved Haugesund politistasjon.

Søndag morgon om lag klokka 07.30 vart politiet varsla om hendinga og rykka ut til Sveio sentrum. Då dei kom på staden gjorde dei ei vurdering som fekk konsekvensar for sjåføren.

– Sjåføren vart meldt etter paragraf 3 sidan det var ei såkalla «singel-ulukke», seier Sande

– Singel-ulukke?

– Altså ein bil med ein førar i ulukka, utan at andre var involvert, svarar vaktsjefen.

Politiet tok også beslag av førarkortet. Sande legg til at det ikkje er mistanke om noko promille.

– Sjåføren klaga over smerter i rygg og vart teken med av ambulanse til legevakt, avsluttar Sande.

Powered by Labrador CMS