nyhende
Køyrde 48 km/t for fort
Onsdag kveld hadde UP igjen fartskontroll på E 39 ved Haukås. Få køyrde for fort, men to mista førarkortet.
Fartskontrollen gjekk føre seg i 80-sona på E 39 sør for Haukås. Sjølv om det ikkje vart stoppa så mange på grunn av for høg fart, gjekk det veldig fort unna for to av dei.
Av dei seks som heldt for høg fart, fekk fire forenkla forelegg. To mista førarkortet og er anmelde. Høgaste fart vart målt til 128 km/t.
Dette kostar det å køyra for fort i 80-sona:
- til og med 5 km/t – kr. 800
til og med 10 km/t – kr. 2.100
til og med 15 km/t – kr. 3.400
til og med 20 km/t – kr. 4.700
til og med 25 km/t – kr. 6.400
til og med 30 km/t – kr. 8.500
til og med 35 km/t – kr. 10.200
Over: Førerkortbeslag
Kjelde: Lovdata