nyhende
Køyrde 101 kilometer i timen i 80-sona
Utrykkingspolitiet heldt trafikkontroll ved E 39 i går.
— Det var ein trafikkontroll mellom 11.45 til 14.45 torsdag, seier Dan Magne Gaard, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Utrykkingspolitiet sto ved Trollavatnet langs E 39 i Sveio og målte fart. Ifølgje Gard heldt dei aller fleste sjåførane fartsgrensa.
— Det var ikkje all verdas der. Resultatet var to forenkla førelegg, seier Gaard.
Og den høgaste farten nådde akkurat eit tresiffera tal.
Annonse
— Høgaste fart var 101 kilometer i timen i 80-sona, seier Gaard.
Med dei nye bøtesatsane kostar 21 kilometer i timen over fartsgrensa 9.100 kroner når ein køyrer i 80-sone. Det medfører også tre prikkar.