nyhende
Kostnadssprekk for Eikeland gravplass
Utvidinga av Eikeland gravplass blir 1,9 millionar kroner dyrare enn kostnadsramma på 9,63 millionar kroner som kommunestyret godkjende i 2022.
Prosjektet er også forseinka. Gravplassen skulle vore ferdig utvida i januar i år. No er målet å sluttføra arbeidet i løpet av våren.
Venta på fylkeskommunen
Grunnen til forseinkinga er at arbeidet først kom i gang sommaren 2023, ikkje seinhausten 2022 som først planlagt. Årsak til den utsette oppstarten var utfordringar med å få naudsynte løyvingar frå Vestland fylkeskommune, går det fram av eit notat som blei lagt fram for formannskapet sist møte.
Løyvinga frå Vestland har å gjera med arbeid på fylkesvegen som heng saman med utvidinga av gravplassen.
Dette kosta meir
Prisauken frå 9,63 til 11,53 millionar blir delvis forklart med utsett oppstart. Men ei rekke andre faktorar spelar også inn:
- Nødvendig elektrisk arbeid inne i kapellet
- Montering av vassuttak, vassmålar og stengekranar
- Omlegging av det elektriske linjenettet ute
- Delkostnad for fire gatelys
- Kostnadsauke frå konsulent
- Avvik mengdebeskriving konsulentReserve på 0,4 millionar for uvisse kostnader
Rådmannen vil leggja fram ei sak om tilleggsløyving for å dekka kostnadssprekken i løpet av våren.