nyhende
Koronavaksine kan bli årleg, seier FHI
Eldre som tok koronavaksine i fjor, blir ny dose tilrådd, og det er ikkje utenkjeleg at ein må ta vaksinen like hyppig som influensavaksinen, seier FHI.
Koronaviruset utviklar seg over tid og omgår dei vernande antistoffa frå tidlegare vaksinar. Det er ein av grunnane til at vi framleis ser smittebølgjer, sjølv om dei fleste i Noreg har godt vern mot viruset, opplyser Folkehelseinstituttet.
Låge nivå av antistoff
Men fersk vaksinasjon gir styrkt vern. Det er dermed ikkje utenkjeleg at det vil bli behov for regelmessige oppdateringar av vaksinen framover slik som for influensa.
– Studien vi har gjennomført, viser at for dei som tok koronavaksine sist år, og har teke fleire dosar tidlegare, er det lite vern igjen frå siste vaksinasjon mot nye virusvariantar, seier seniorforskar Even Fossum ved Folkehelseinstituttet.
Ein ny studie frå FHI har avdekt at eldre personar i alderen 67 til 82 år har låge nivå av vernande antistoff mot nye virusvariantar av covid.
546.836 er vaksinerte i år
Instituttet kjem derfor med ei tilråding om ny vaksinedose.
– Den nye studien støttar tilrådinga til eldre om å ta ein oppfriskingsdose med koronavaksine no i haust, seier Preben Aavitsland, fungerande områdedirektør ved FHI.
Så langt i sesongen har 546.836 personar som er 65 år eller eldre, teken koronavaksine, ifølgje instituttet, med Oslo på vaksinetoppen blant eldre med 48 prosent og Finnmark på botn med 30 prosent.