nyhende
Korona-pusterom for Sveio
Etter lang tid med stadig ny smitte i Sveio, kom det eit pusterom tysdag. Men smittetrykket i regionen er framleis høgt.
NTB-NPK/VESTAVIND: I ei oversikt frå Folkehelseinstituttet, som baserer seg på kor dei smitta er folkeregistrert, går det fram at det tysdag ikkje var registrert nokon nye smitta sveibuar.
Men smittepresset er høgt elles på Haugalandet. Detter er FHI si oversikt over Sveio og nabokommunane:
Sveio: 0
Haugesund: 26
Karmøy: 27
Tysvær: 1
Vindafjord: 2
Stord: 9
Bømlo: 9
Seks pasientar med covid-19 er innlagde ved sjukehus i Helse Fonna-områdert.
Nesten 5.000 nye i Noreg
Det siste døgnet er det registrert 4.799 koronasmitta i Noreg. Det er 1.204 færre enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.359 koronasmitta per dag.
Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.856, så trenden er fallande.
Tysdag var 337 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 36 færre enn dagen før.
121 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 74 på respirator. Det er like mange på intensiv og éin færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
Ved midnatt natt til onsdag var det utført 9 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 359.264 personar testa positivt.
Til no har 4.274.558 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.905.305 personar har fått andre og 1.327.410 har fått tredje dose.
Til saman er 1.209 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.
59,3 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 26 dødsfall i Noreg.
(©NPK)