nyhende

Kontrollerte bilar med kikkert

Statens Vegvesen heldt kontroll i Sveiogata tysdag.

Publisert Sist oppdatert

– Me har vore ute i heile dag, seier Sigbjørn Eltervåg, kontrolleiar i Statens vegvesen.

Tysdag byrja dei dagen med å setja opp ein kontrollpost ved kyrkjegarden i Sveio sentrum.

– Etter lunsj flytta me oss opp hit, seier Eltervåg på deira nye kontrollplass, parkeringsplassen mellom kyrkja og kommunehuset.

Tekniske manglar

Når dei rundar av klokka 14.00 kan kontrolleiaren melda at det har vore ein ok dag.

– 46 køyretøy vart kontrollerte. 10 av dei hadde tekniske manglar som dekk eller lys. Fire fekk gebyr for manglande vognkort eller førarkort, seier Eltervåg.

– Er du nøgd med sveibuane i trafikken?

– Ja, når me attpåtil har hatt med kikkert og kontrollert beltebruk i 89 bilar og ingen vart stoppa, då er me nøgd, seier Eltervåg.

Det viktigaste

Han understrekar at sjølv om dei gjer ein grundig sjekk på alt, så er noko viktigere enn resten.

– At nokon har gløymd førarkort går ikkje ut over trafikktryggleiken, men det gjer dårleg sikring av last til dømes. Viktigast av alt er bruk av bilbelte og rett sikring av barn, avsluttar Eltervåg.

Powered by Labrador CMS