nyhende

Haugesund-skip:

Johan Helberg fekk eit 135 meter langt konteinarskip opp i fjøra utanfor huset. Foto: Joanne Fielder / NTB /NPK
Johan Helberg fekk eit 135 meter langt konteinarskip opp i fjøra utanfor huset.

Konteinarskip grunnstøytte i Trondheimsfjorden – hamna på land få meter frå bustadhus

Eit 135 meter langt konteinarskip gjekk natt til torsdag på grunn rett ved ein bustad i Trondheimsfjorden utanfor Byneset. Kystverket jobbar med fjerning.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje reiarlaget kom skipet NCL Salten frå nordvestkysten onsdag og skulle til Orkanger i Trøndelag, men hamna natt til torsdag i fjøra nær Byneset.

Kystverket har no overteke planlegginga og gjennomføringa av å få skipet ut på sjøen igjen. Det er ikkje meldt om nokon personskadar eller oljesøl etter grunnstøytinga, som Hovudredningssentralen melde inn til politiet tidleg på morgonen.

– Sjøtrafikksentralen i Vardø er no i dialog med reiarlaget om korleis me i praksis får skipet av grunn, noko som i første omgang er ansvaret til reiarlaget, seier Anette Bonnevie Wollebæk, avdelingsdirektør for kommunikasjon i Kystverket, til NTB.

Mykje avheng av gunstig tidspunkt for sleping, og då speler tidvatnet ei rolle.

Konteinarskipet på 135 meter er eigd av Norwegian Cruise Lines (NCL). Då nødetatane kom til staden klokka 6.25, fann dei fartøyet på grunn.

– Fartøyet hamna nesten heilt inntil ein einebustad på staden der. Så dei vart vel noko overraska då dei vakna i dag. Dei såg at det låg ein båt inne ved husveggen. Men det er ingen skadar på huset i det heile. Akkurat kva som har skjedd, får me koma attende til etter kvart, seier operasjonsleiar Svein Erik Vagnild i Trøndelag politidistrikt.

Sov gjennom

Huseigar Johan Helberg seier til Nidaros at han ikkje høyrde noko smell og sov gjennom heile dramatikken utanfor. Så ringde naboen på døra og spurde om Helberg ikkje hadde fått med seg at det stod ein båt på utsida. Naboen var vaken då konteinarskipet gjekk på grunn i fjæresteinane.

– Han såg at skipet hadde stabil kurs og at det kom til å treffa, seier Helberg til Nidaros.

– Det står godt på grunn, og det er ikkje meldt om personskadar eller forureining. Likevel har me valt å senda politi og brannvesen, og dessutan brannbåt og redningsskøyte i førebyggjande perspektiv i tilfelle det skulle utvikla seg, seier redningsleiar Jonas Andersen i Hovudredningssentralen til Adresseavisen.

Nødetatar i beredskap

Ifølgje huseigaren har skipet treft ein leidning til varmepumpa, så det kan bli kaldt i bustaden etter kvart. Han kjenner likevel han hadde flaks.

– Viss skipet hadde treft svaberget rett ved, ville det løfta seg opp og treft huset ettertrykkjeleg. Det er ikkje mange meter det bomma med, seier Johan Helberg.

Politiet jobbar med å få full oversikt.

– Me har kontakt med mannskapet om bord. Det er ingen som er skadde. Me gjennomfører dei undersøkingane og etterforskingane me treng for å finna ut kvifor dette skjer. Så me har ein del politiressursar på staden førebels, men ganske udramatisk etter kvart, seier operasjonsleiar Vagnild.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS