nyhende
Konsesjon til fire bakkemonterte solkraftverk
NVE har gitt løyve til etablering av bakkemonterte solkraftverk i Rogaland, Agder og Innlandet.
Kraftverka vil gi ein samla forventa årsproduksjon på nærare 26 GWh, som svarer til årsforbruket til om lag 1.300 hushald, skriv NVE i ei pressemelding.
Dei har gitt løyve til bygging av solkraftverk på desse stadene:
- HIM solkraftverk, 3 MWp i Vindafjord kommune, Rogaland fylke.
- Måna solkraftverk, 5 MWp i Alvdal kommune, Innlandet fylke.
- Kile solkraftverk, 7 MWp i Sør-Fron kommune, Innlandet fylke.
- Birkeland solkraftverk, 11 MWp i Birkenes kommune, Agder fylke.
HIM solkraftverk skal driftast av Endra, eigd av Haugaland Kraft. Selskapet har også planar om solcelleparkar på Nese og Tjernagel.
Har konsekvensar
– Solkraftanlegg er nytt i Noreg. Med dei fire nye anlegga er det til saman sju bakkemonterte solkraftverk som har fått konsesjon frå NVE dei siste åra, skriv seksjonssjef Svein Grotli Skogen i pressemeldinga.
Bakkemonterte solkraftanlegg blir installerte på stativ som blir fundamenterte i bakken. NVE skriv at anlegga legg beslag på relativt store område som kan ha verdi for annan bruk, og at dei påverkar karbonbindinga i jordsmonnet som blir omarbeidd og i skogen som eventuelt må fjernast.
Stiller ei rekke krav
NVE har difor stilt ei rekke krav til bygging og drift av solkraftanlegga, mellom anna for å sikre at dei blir etablerte så skånsamt som mogleg og at verknader for allmenne interesser blir redusert til det akseptable.
– NVE meiner at det er nødvendig å sjå nokre bygde anlegg under norske forhold for å kunne vurdere konsekvensane og å avvegar fordelar mot ulemper på ein sikker måte. I dette tilfellet meiner vi at dei miljømessige verknadene av dei fire aktuelle anlegga er akseptable, skriv Skogen i pressemeldinga.