nyhende
Konsert med vidt repertoar i Auklandshamn
Fredag 24. september blir det konsert i Sveio med søstrene Ingebjørg Andrea Ådnanes og Henriette Braarvig (vokal) og Simon Madsen (piano). Konsertlokalet er Filadelfia i Auklandshamn.
Repertoaret vil spenna vidt, fra nytt sjølvskrive materiale til nye og eldre perler henta fra populærmusikken og den kristne sangtradisjonen, står det i ei pressemelding frå Filadelfia Auklandshamn.
Karmøy og Bømlo
Vokalistane er fødde og oppvaksne på Karmøy. Dei har begge vore med i Voice of Joy og har også samarbeidd med kjende lokale artistar. Ingebjørg er kjent fra The Voice på TV2 tidlegare i år. Ho har også deltatt i fleire tidlegare TV-produksjonar, som ein del av Team Hanne i Det store korslaget i 2009 og Idol i 2013.
Simon Madsen er fødd og oppvaksen på Bømlo. Han har dei siste åra spela for artistar som Solveig Leithaug, Bjarte Leithaug og Eyvind Skeie. Han har også vore pianist for ulike gospelkor.
Smittevernreglar
Det er utøvarane sjølve som arrangerer konserten i Auklandshamn, i samarbeid med Pinsemenigheten Filadelfia. På grunn av gjeldande smittevernreglar vil talet på sitjeplassar vera noko avgrensa. For å sikra seg plass kan billettar til konserten kjøpast på nett på førehand. Det blir også billettsal ved inngangen.