nyhende

Ingrid Kindlihagen
Ingrid Kindlihagen i aksjon frå helga si tevling i USA.

Konkurrerer i verdscup

Ingrid Kindlihagen kom på 37. plass i verdscup i klatring i USA i helga. Små marginar utgjer store forskjellar på tabellen, og sjølv er ho nøgd med innsatsen.

Publisert Sist oppdatert

Sveibuen frå Rophus gjer det godt innan klatring for tida. I helga var ho i Salt Lake City i USA, der ho kom på 37. plass i verdscupen.

Under tevlinga nådde ho tre toppar og fire soner, av totalt fem toppar og fem soner mogelege.

Kindlihagen klatrar på måten som kallast for buldring, som vil seia at det er utan tau og ikkje så store høgder. Om to veker skal ho vidare til Europa for å fortsetja konkurransen i Italia.

Klatringa hennar tek ho rundt store deler av verda. Berre i løpet av det siste året har ho konkurrert i USA, Sør-Korea, Japan, Austerrike, Tyskland, Frankrike og Slovakia.

Powered by Labrador CMS