nyhende
Kongens sendebod – ingen kan landslova betre enn Jørn
Ingen kan Landslova av 1274 betre enn han, ingen får Magnus Lagabøte til å skina som han – den norske kongen som aldri førte krig, tala om nåde og nye sjansar for alle, og styrkte rettane til fattige og kvinner. Professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde har vore land og strand rundt med radikalt nytt frå mellomalderen.
Allereie i januar, då Landslovjubileet starta, hadde han snakka live for 20.000 menneske.
No har han snakka for meir enn 10.000 nye.
– Er det ledig i kalenderen, seier eg alltid ja. Det er heilt uvesentleg kven som spør. Ein skule, eit departement, eit historielag, eit kyrkjeakademi. Noko av det kjekkaste var invitasjonen frå historielaget i Steigen – ein av verdas vakraste plassar, halve kommunen er medlemmer, ein utruleg entusiastisk og fin gjeng. Dei veit så mykje, dei les, stiller gode spørsmål. Men då dei spurde om eg kunne førelesa for elevane i 9. og 10. klasse i siste timen deira før sommarferien, og etter at dei hadde overnatta på skulen, då nølte eg. Snakka om ei 750 år gammal lovbok til trøytte tenåringar som berre lengtar etter ferie? Men dei kvikna til, og meir enn det – dei lét seg verkeleg engasjera. Det var herleg å sjå, smiler Sunde nøgd.
Heilt utan manus
Han har vore mange plassar og snakka for mange slags folk, kan Landslova ut og inn, bak og fram, maktar heile tida å skifta fokus, improvisera. Manus finst ikkje.
– Å halda det same føredraget hundre gonger, seia det same om igjen? Det duger eg ikkje til. Eg er utruleg god til å gjera ting eg likar, håplaust ubrukeleg til å gjera ting eg ikkje likar. Om eg ikkje oppdagar noko nytt mens eg snakkar, då kjedar eg meg.
Han kallar det stoffhandsaming på speed.
– Når du står der på scena, kan du ikkje stoppa opp og seia: Vent litt no folkens, dette må eg tenkja på i to minutt. Nei, du lyt ta det der og då, og då pressar du hjernen til det ytste, for publikum ventar heile tida noko frå deg.
Han er takksam for alle åra med Magnus og lova han laga.
– Eg har ete kveldsmat med dronninga og middag med kronprinsen. Eg har møtt stortingspresidenten så mange gonger at vi er på fornamn, eg har fått møta heile regjeringa, og eg har avtale med statsministeren om å ta ein øl i lag. Landslova har gjort at eg har fått møtt så mange ulike menneske, fått gjort så mange ulike ting, ting eg ikkje drøymde at eg skulle få oppleva. Men det aller kjekkaste? Det var møtet med tenåringane på Steigen skole.
Lang frukost ein institusjon
Men no er han heime. Eit stort, kvitt hus med ein irande grøn og frodig hage ikring. Heimen står planta på ein liten bakketopp, med stupbratte fjellsider rett bakom. Vi er på Vaksdal, ei bygd langs jernbanen midtvegs mellom Voss og Bergen. Fjorden ligg still, lyset er mjukt og varmt, nokre sjeldne solstrålar finn vegen gjennom skylaget og inn i stova, der bordet er dekt.
Vi har teke turen over fjellet frå Oslo, vi er bedne på frukost, det er søndag.
– Lang frukost i helgene er ein institusjon hos oss. Då skal alt på bordet, då skal vi eta lenge, prata mykje, ha god tid, seier Sunde med den mjuke bassrøysta si, og sender eit varmt blikk over bordet til kona, Elisabeth Akselvoll.
– Sjølv då døtrene våre, Anna og Sunniva var tenåringar og ville sova lenge, åt vi alltid saman. Det er når vi set oss ned, at vi kan få til ei samtale. Ein femtenåring og ein femtiåring.
Vi må forsøkja å forstå verda til kvarandre. Det er kanskje det aller viktigaste vi gjer. Eldstedotter Anna var nyfødd då Sunde møtte kong Magnus for fyrste gong, det var sommaren 2001, fortel han. Det skulle bli eit møte for livet. Han var stipendiat ved Universitetet i Tromsø og forska på 1600- og 1700-talets rettshistorie. Men no fekk han litt tilfeldig i oppdrag å skriva ein artikkel om ei lov frå mellomalderen.
Landslova eit einmannsprosjekt
– Det var ikkje Magnus som interesserte meg, han tenkte eg ikkje på. Eg er rettshistorikar, det var lova. Korleis var Landslova laga? Kva betydde ho? Korleis endra ho landet? Men så ein dag fekk eg spørsmålet: Kven er kong Magnus? Då tenkte eg: Ja, kven er kong Magnus?
Svaret finst no mellom to stive permar, to usedvanleg vakre, kongeblå permar med gullskrift på: Kongen, lova og landet. Å laga ein biografi basert på ei lov, har truleg ingen gjort før han.
– Landslova er ein mann sitt politiske prosjekt, det er hans jernvilje som driv prosjektet igjennom, seier forfattaren.
Boka om Magnus Lagabøte er hylla av kritikarane. Ho låg på bestseljarlistene i fleire veker og har selt over ti tusen eksemplar, noko som er sjeldan for ei sakprosabok.
– Ja, kven er då kong Magnus?
– For det fyrste: Magnus er modig. Han er ein modig politikar, ikkje fordi han bruker makt og tvingar folk, men fordi han pratar med folk. Han er særs god til å lytta. Samstundes har han sterke meiningar og pushar samfunnet i den retninga han meiner er rett. Det viktigaste eg har lært av Magnus Lagabøte, er at det går an å vera modig når du driv politikk.
– For det andre: Magnus har eit ekstremt positivt menneskesyn. Det finst mange døme på at dei som lagar lover, meiner dei sjølve veit best kva som er best. Folk er egoistiske og eigennyttige, difor kan dei ikkje sleppast laus, men må tuktast med lov. Magnus tenkte annleis. Heile lovboka er ein invitasjon til å delta i samfunnsstyringa. Menneska er i stand til å ta gode val, meinte kongen. Men, han er ikkje naiv. Han set alltid folk saman i grupper. Det betyr at dei passar på kvarandre, men òg at dei må samsnakka og bli einige. Altså konsensus.
Også dei utan makt vart høyrde
– Det har eg utruleg sansen for, det speglar mi eiga verdsoppfatning. Også dei utan makt vart høyrde. Det handlar om å setja seg ned, prøva å forstå kvarandre. Kongssonen Magnus fekk undervisning av fransiskanarane i Bergen, tiggarmunkane, dei som budde og jobba blant dei fattige og elendige. Han må ha sett den trøysteslause slummen, fått erfaringar som skulle prega lovarbeidet hans.
– For berre eit halvår sidan fann vi ut at mellomalderkongen var langt meir lærd og opplyst enn vi har trudd. Det var ikkje snakk om ei og anna førelesing hos fransiskanarane. Han hadde lese all vesentleg litteratur i si samtid, poengterer Sunde.
Magnus Lagabøte har ikkje fått den anerkjenninga han fortener, meiner Sunde. Han er ikkje sjeldan vorte møtt med drabelege fordommar. Norske historikarar har ikkje likt den internasjonalt orienterte, litt veike, kyrkjeglade typen. Ikkje slost han i krig heller.
– Enno finst fordommane. Når eg reiser rundt og formidlar, møter eg historikarar med nokre av dei same haldningane: Kong Sverre tala Roma midt imot. Vi vil ikkje ha ein konge som ikkje talar Roma midt imot! Eg blir provosert. Pave Nikolas løyvde hundre dagar syndefritak, avlat, for dei som bad for den norske kongen. Berre Ludvig den heilage av Frankrike fekk same privilegium. Kor høyrer då Magnus heime i Europa politisk? Ved sida av helgenkongen i Frankrike. Det er ei enorm anerkjenning av aktiviteten hans. Kva historikar har skrive om dette? Ingen!
Uskedalen og Whiskey in the jar
Sunde er, som Magnus, hordalending, oppvaksen i Uskedalen i Kvinnherad. Mora var ung då han vart fødd. Barndomen var ikkje særleg pedagogisk, meiner han. Mor hans lærte han ingen barnesongar. Då han byrja på skulen, kunne han i staden teksten til «Whiskey in the Jar» av The Dubliners utanåt.
– I dag ville barnevernet straks vore på døra. Eg vaks opp litt som Emil i Lønneberget. I det gamle bygdesamfunnet trong mor mi aldri å bekymra seg for om eg hadde mat. Eg kunne gå inn i kva hus eg ville og ta det eg fann i kjøleskapet, eller setja meg ned og eta middag, det var heilt naturleg. Eg lærte seint å lesa fordi eg har evna til å memorera alt, men i tredje klasse vart eg avslørt. Mor kjem frå ein boklærd familie, det å lesa bøker og aviser var heilt naturleg. Då eg var elleve år øydela eg foten, knuste ein ryggvirvel og vart klassifisert som 30 prosent invalid. Eg måtte slutta med fotball og friidrett. Eg hadde enormt mykje energi, no gjekk alt inn i lesinga. Huset vårt var fullt av bøker.
Vestlendingen har vore forskingsleiar ved museet Baroniet Rosendal, og i mange år var han professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen, ein halvtimes togtur unna Vaksdal. Men for fem år sidan vart togturen brått mykje lengre.
– Det var Magnus som drog meg over fjellet til Oslo. Eg byrja på Landslovprosjektet i Bergen i 2014, men fekk ikkje støtta eg trong til å gjera prosjektet så stort som eg drøymde om. Det juridiske fakultetet i Oslo har vore fantastisk til å stilla opp. Men eg mangla pengar til forskinga og prøvde meg på Nasjonalbiblioteket. Ei stund vart eg kalla Jehovas Vitne, eg sette foten i dørsprekken, ville ikkje gå. Men når dei fyrst kom med, var det med ofseleg styrke. Nasjonalbiblioteket har vore nasjonal koordinator for Landslovjubileet 2024.
Framleis så mykje å læra
Han skriv lett, Sunde. Lista over publikasjonar er lang og mykje er lese av mange – vitskaplege artiklar, bøker, kronikkar.
– Eg skriv berre når eg har noko ferdig tenkt. Når eg driv på i hagen, tenkjer eg. Når eg køyrer bil, tenkjer eg. Eg må jo gjera på noko. Og så ligg det der, lagra i hovudet. Det handlar om å tenkja lenge nok til at du veit kva du ikkje skal skriva. Å tenkja gjennom er å skrella vekk og skrella vekk. Og så veit du, det er dette eg skal skriva. Eg skreiv heile boka om kong Magnus Lagabøte på seks veker, då hadde eg endåtil to veker sommarferie med kona.
Ei utruleg kraft, seier fagmiljøet når vi spør. Ein framifrå forskar, ein eineståande formidlar.
– Kva driv deg?
– To ting. Det fyrste er nyfikna mi. Å få komma til Alta, Harstad, Røros, Søgne, Bryne for å formidla. Så mange forskjellige plassar, så mykje å læra. Å sitja på Karmøy og venta på å halda eit føredrag, kjøpa thai-mat og bli spurt om du vil ha meir ris eller pommes frites. Det er ei fantastisk fin oppleving. Eg blir litt klokare, forstår Karmøy – og Noreg litt betre. Slike ting synest eg er strålande.
– Det andre er uroa mi. Uroa over korleis samfunnet utviklar seg. Vi veit at om det tar fyr i huset, skal vi alle gå roleg til naudutgangane. No brenn det over heile verda, det er klimakrise, teknologikrise, flyktningkrise, krig. Ingen går roleg til naudutgangane, men spring som galne. Folk blir trampa i hel. Eg driv historieformidling. Eg kan ikkje redda verda. Men eg trur at jo meir kunnskap som kjem inn i verda, desto færre trampar vi i hel. Alt eg seier, handlar djupast sett om å leva i samfunn med kvarandre.
«– Drit i loven»
Vi har funne fram ein artikkel frå 2003, der overskrifta er eit sitat: «– Drit i loven». Den unge juristen som uttalar seg i slike friske ordelag, seier at han ynskjer å få folk til ikkje å følgja lova, og at om vi vil ha god juss, så må vi skapa han sjølv. Og at vi snakkar altfor mykje om lov og for lite om rettferd.
– Eg synest stipendiat Sunde var utruleg klårsynt. Eg er einig i alt eg sa den gongen. Ja, faktisk er eg meir oppteken av dette enn nokon gong. Lover og forskrifter vert slengde ut i eit enormt tempo, seier juristen, han kallar det lovgalskap. Men sjølv med all lovgjevinga vi har, er det framleis eit stort rom imellom – det som er utriveleg, men lovleg.
– Vi vil aldri kunna produsera nok lov til å fylla det rommet. Jussen strekk ikkje til. I staden treng vi reglar som fortel oss kva som er godt og dårleg. Sett at vi har ei lov som forbyr meg å tømma white spirit i toalettet. Men kva kan hindra meg i å gjera det, ingen vil jo oppdaga det? Jau, mi eiga skamkjensle over å øydeleggja havet og framtida til borna på jorda.
Juristen meiner vi treng moral, at behovet er akutt.
– Når moralen får rettleia oss, då blir ikkje alt likt, då blir ikkje alt rettferdig. Men det blir mogleg å gjennomføra. I ei lita bygd som Vaksdal får du fort moralkjensle. Du omgåst dei same menneska i eit lite rom. Det tek ikkje lang tid før moralen går seg til. Godt og dårleg på Vaksdal står fast veldig lenge.
Sunde synest det er vanskeleg å vera menneske i ei global verd, halda fast på at det eg gjer, betyr noko for andre.
– Vi er nøydde til å tru på det, elles får vi ikkje ei god verd. Då får vi verda til Putin eller Trump, som er totalt amoralsk. Eg har eit grunnleggjande positivt syn på menneska. Det har vi felles, Magnus og eg. Eg har reist Noreg rundt i mange år og møtt utruleg mange fine folk. Byrjar vi tru at andre er skurkar, då vert det farleg. Det einaste som kan frelsa eit samfunn fullt av skurkar, er tyranniet. Trur vi ikkje at mennesket er godt, kan vi ikkje ha demokrati. Eg har møtt heilt fantastiske ungdommar, opplyste og moralsk skulerte. Eg er kjempeoptimist på framtidas vegner. No må de eta, eg blir litt bekymra, avbryt Sunde seg sjølv. Han pratar, uvanleg godt og lett.
Om tru på noko større
Gløymer sjølv å eta det varme brødet, dei nykokte egga. Kva trur han Magnus ville prata om, om han hadde sete ved bordet og ete i lag med oss?
– Magnus levde i ei tid der enno ingen har tenkt tanken at Gud ikkje finst. Vi lever i ei sekulær tid, vi er rivne laus frå det evige, det er eit veldig skilje. Samstundes er vi menneske. Vi kunne prata med Magnus om borna våre, òg om økonomi, trur eg – og vi ville forstå kvarandre. Vi ville kunne kommunisera om å vera i verda, men ikkje om verda. For vår verd kan han ikkje forstå. Prosjektet mitt dei siste åra har nettopp vore å prøva å transformera noko skapt i eit heilt anna verdsbilde og gjera det forståeleg i dag. Det har vore ei kjempeutfordring.
Sunde har sjølv tru på noko større. – Ved å tru på Gud, eller noko anna større enn deg, sjå deg sjølv som del av ein heilskap, trur eg du blir eit betre medmenneske, og betre menneske skapar betre samfunn. Eg bryr meg ikkje om kva du og eg og andre trur på, berre det er på noko større enn oss sjølve.
– Kva er større enn deg sjølv – for deg?
– Eg trur på Gud. Finst det intellektuelle grunnar til å tvila på Gud? Veldig mange. Kona og eg har vore i lag i nesten tretti år. Vi er totalt forskjellige. Reint intellektuelt kan vi umogleg vera glad i kvarandre enno. Men vi er jo det. Eller lurer vi oss sjølve? Men det betyr ikkje noko. Vi lever eit godt liv og er lukkelege. Det er igjen det å tru på noko større, på det umoglege. Alt som er viktig, er spørsmål om å tru. Kjærleik er eit spørsmål om å tru. Alt som er gøy i livet, er basert på tru.
Hus med hage – i Vaksdal
Noko han verkeleg har tru på, er hagen. Då familien kjøpte hus på Vaksdal, skulle det vera med hage.
– Vi laga hagen til ein stad ingen ungar i bygda greidde gå forbi, men berre måtte inn og leika, med døtrene våre. Hagen vart så viktig for Anna og Sunniva, at dei insisterte på å bli konfirmerte i hagehuset. Så hage vil dei altså ha, men dei er skit elendige til å jobba der, det er det Elisabeth og eg som gjer. Men vi elskar det. Vi har samla meir enn 70 ulike typar tre, over 30 ulike slags roser, ei enorm mengd bregnar og blomar. Fargerike vekstar frå alle kantar av kloden.
Sunde seier at familien er ramma rundt livet, at kona og døtrene gjer han til den beste utgåva av seg sjølv.
– Eg vil vera best, det har alltid vore ambisjonen min. Ein av Europas ti beste rettshistorikarar. Akademia der ute har så tøffe karrierevilkår at mange lever som munkar. Eg valde kone og barn, men har likevel produsert like mykje som dei. Eg kunne ikkje ha jobba så hardt utan familien min, dei gjev meg inputen eg treng. Eg har vore mykje borte og reist, men døtrene mine seier at dei ikkje la så godt merke til det. Kanskje lyg dei. Men det skal eg ha, eg avlyste alt viss det krasja med fotballkampar, kulturskulekonsertar, teaterframsyningar eller skuleavslutningar. No er dei vaksne og greier seg sjølve, den eine studerer juss i Oslo, den andre arkitektur i Trondheim.
Eitt år hadde han eigen bustad i Oslo, betalt av eit forskingsprosjekt. Men å sitja der i ei upersonleg leilegheit? Heilt pyton, seier han.
– Eg må omgje meg med masse ting for å trivast, elles kan det vera det same. Eg har berre ein liten ryggsekk, i den er heile livet mitt i vekedagane; nokre t-skjorter, underbukser, gnagsårplaster, eit par paraplyar. Eg bur på eit rom på St. Katarina-hjemmet, eit kloster rett ved Bogstadveien, eller på eit rom hos ein i slekta. Det er her på Vaksdal eg har hus og heim, hage og hustru, alt eg ynskjer meg.
Han er trøytt no …
No er jubileumsåret snart slutt. Jørn Øyrehagen Sunde set strek. Han har reist mykje, han er trøytt no, seier han.
– Det er ikkje det å halda føredrag som gjer meg trøytt. Eg får energi av det. Men med kvart føredrag kjem det 20 e-postar. Skal du ha vatn? Treng du projektor? Når kjem du? Eg har halde 120 føredrag til saman i år. Gongar eg det med 20, vert det 2400 e-postar. Og enno har eg ikkje kome til reiserekningane. No må du forska på noko, seier Elisabeth, for no er du sur.
Det er den dagen det vart for mange rekningar, då er eg ikkje til å vera i hus med. Eg hatar alt administrativt, eg hatar det av heile mitt hjarta.
– Kva skal du gjera no?
– Eg er blitt spurd om å følgja opp boka om kong Magnus med ei bok om sonen hans Håkon 5., og gjerne ei bok om Heilag-Olav også. Eg nektar. Eg orkar ikkje tanken på å bli verande i ein bås. Viss eg ikkje utfordrar meg sjølv, går vidare med noko nytt, då døyr eg.
Han kjem ikkje til å døy med det fyrste. Juristen skal straks i gang med å skriva ein 60 siders pamflett: Den klassedelte rettsstaten. Han minnest ein gong han sat med studentane sine i rettssalen, dei følgde ei sak mellom to personar med formue. Store ressursar gjekk med til ein krangel.
Skal forsvara fattig drapskvinne
– Eg hadde lyst til å skrika ut: Slutt, dette er berre tull! Gje pengane til Redd Barna, og gå heim og hald fram å vera sure kvar for dykk. Slik det er no, får ikkje vanlege folk hjelp av rettsstaten når dei treng det. Det er blitt for dyrt. Vi har late det skje, og vi må stoppa det no, før det er for seint. Eg var ikkje sint då eg skreiv om kong Magnus, no skal eg vera skikkeleg sint.
Og snart etter kjem det meir, ei bok: «Forsvarstale for eit vondt menneske».
– Det vonde mennesket er ei kvinne som levde i Noreg på 1700-talet, skulda for å ha drepe fem menneske. Det er lett å lika Magnus, umogleg å lika henne. Men eg skal forsvara kvinna. Prøva å trengja igjennom, kva er det som driv ho til desperate handlingar? Korleis var samfunnet for fattige kvinner den gongen? Igjen handlar det djupast sett om å prøva å forstå verda til kvarandre. Det viktigaste vi gjer.
Dette intervjuet vart først publisert i forskingsmagasinet Apollon