nyhende

Legekontoret i Førde.
Legekontoret i Førde.

Kommunestyret har tatt avgjerd i legekontor-forslaget

Publisert Sist oppdatert

Måndag kveld blei det lagt lokk på saka om å flytta Førde legekontor. Saka skapte stort engasjement blant innbyggjarar i Førde og Valestrand, spesielt. Rådmannen foreslo nemleg å flytta legekontoret til kommunehuset i Sveio sentrum, som del av ei større sak som handla om mogleg omorganisering og rehabilitering av kommunehuset.

Dette var ei sakene kommunestyrepolitikarane var einige om måndag kveld. Det bemerkte mellom andre Håkon Skimmeland frå Sveio Ap.

– Eg er glad for at me hadde brei og tydeleg einigheit, sa Håkon Skimmeland. Han la ikkje skjul på at det blei beklemt for Arbeidarpartiet å få saka til behandling kort tid etter at dei hadde vedteke å setja i gong med å utvikla bygda.

Håkon Skimmeland frå Sveio Ap på talarstolen i kommunestyremøtet måndag kveld.
Powered by Labrador CMS