nyhende
Kommuneoverlegen har sagt opp
Kommuneoverlege Jan Roger Olsen i Sveio har sagt opp stillinga. Det opplyser kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft, til Vestavind.
Olsen har vore lege i Sveio med arbeidsstad på legekontoret i kommunesenteret i om lag fire år. Han blei tilsett som kommuneoverlege sist haust, då Ståle Andreassen slutta i denne stillinga.
Olsen blir i stillinga ut oppseiingstida på tre månader. I løpet av denne tida blir det ikkje aktuelt å konstituera nokon annan som kommuneoverlege, seier Toft.
– Nå må me berre hiva oss rundt. Eg håpar me kan å få lyst ut stillinga i løpet av eit par veker, seier kommunalsjefen vidare.
Sveio ventar på to nytilsette legar i nær framtid, ei som startar i Sveio i midten av februar og ei ved kontoret i Førde frå 4. mars.
– Det gjekk greit å få kvalifiserte søkarar ved dei siste utlysingane. No får me håpar det ordnar seg like greit denne gongen, seier Toft.