nyhende

Brit Elin Hovda Mølstre (t.h.). Leif Grutle (i midten) og Sunniva Eldøy (bak smittevernet) er tre av dei saksøkte som møtte i Gulating lagmannsrett i slutten av august. Forsvarar Jens Otto Haugland til venstre. Dei tapte saka, men måndag kveld vart det klart at Sveio kommune tek heile rekninga.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Brit Elin Hovda Mølstre (t.h.). Leif Grutle (i midten) og Sunniva Eldøy (bak smittevernet) er tre av dei saksøkte som møtte i Gulating lagmannsrett i slutten av august. Forsvarar Jens Otto Haugland til venstre. Dei tapte saka, men måndag kveld vart det klart at Sveio kommune tek heile rekninga.

Kommunen tar rekninga for styremedlemmene i Sveio Bufellesskap

Eit samrøysta kommunestyre følgde rådmannen si innstilling: Kommunen dekker erstatningskravet mot dei tidlegare styremedlemmene i Sveio Bufellesskapet. Dei ber dei samstund la vere å anke dommen frå lagmannsretten.

Publisert Sist oppdatert

Vedtaketet:

Dette er rådmannen sitt framlegg til saka som vart samrøysta vedtatt, først i ekstraordinært formannskap, så i ekstraordinært kommunestyre, måndag:

1. Sveio kommune dekker erstatning og rentekostnadar som tidlegare styremedlemmer i Sveio bufellesskap er idømt av lagmannsretten, høvesvis avgrensa til maks. kr 650 000,– og maks. kr 200 000,–.

2. Sveio kommune dekker dei tidlegare styremedlemmene sine sakskostnadar for saker i tingsretts- og lagmannsrettsdom avgrensa til maks. kr 350 000,–.

3. Pkt. 1 er berre gjeldande i tilfelle av rettskraftig lagmannsrettsdom eller at Høgsterett tillét ein eventuell anke og dømmer i Overføringsavtalens sikringsordning sin favør.

4. Pkt. 2 er berre gjeldande i tilfelle av rettskraftig lagmannsrettsdom eller at Høgsterett tillét ein eventuell anke og fastset at styremedlemmene må dekka eigne sakskostnadar.

5. Skulle styremedlemmene bli idømt høgare kostnadar ved ei eventuell ankebehandling i Høgsterett vil kommunen ikkje dekka høgare summar enn kva som går fram av pkt. 1 og 2.

6. Kostnadar til skatt, arbeidsgivaravgift etc. må reknast med i ovannemnde summar.

7. Totalt løyver kommunestyret inntil kr 2 400 000,– til dekning av postane nemnde i pkt. 1, 2 og 6.

8. Kommunestyret løyver inntil kr 30 000,– til advokatbistand for klargjering av skattekostnadar, jf. pkt. 6.

9. Midlar til dekning av kostnadane blir å henta frå disposisjonsfond.

10. Rådmannen får fullmakt til å avgjera korleis utbetalingar kan skje på føremålstenleg vis.

— Det har vore ei ganske komplisert sak å gjere greie for juridisk, sa rådmann Ingunn Toft då ho innleia under dert ekstraordinære kommunestyret, som vart gjennomført digitalt måndag ettermiddag.

Ho anbefalte etter rådgiving frå kommunen sine advokatar at Sveio kommune skal dekka erstatningskravet som dei tidlegare styremedlemmane i Sveio bufellesskap vart idømt.

Ber dei avstå frå anke

Og, etter råd frå advokatar med kjennskap til høgsterett, anbefalte ho at Sveio kommune ikkje ber dei tidlegare styremedlemmane om å anke saka si.

Då ville Sveio kommune gått stor risiko i møte ifylgje advokatane, og risikere å måtte dekka eit enda større beløp.

Rådmannens innstilling er på 10 punkt og omhandla korleis dei skal dekka erstatningskravet på 1,1 millionar kroner. Det var samrøysta vedtatt både i formannskapet og kommunestyret.

Kostar kommunen mellom 2,2 og 2,4 millionar

Grunna skattereglar vil Sveio kommune måtte dekka erstatninga gjennom utbetaling av løn til dei tidlegare styremedlemmane, noko som vil gjere beløpet skattepliktig.

Difor vert kostnaden til Sveio kommune auka til mellom 2,2 til 2,4 millionar kroner.

Eit samrøysta formannskap og kommunestyre vedtok rådmannens innstilling om å dekke erstatningskravet via Teams.SKJERMDUMP FRÅ TEAMS

Får ein god ende

— Me er utruleg glad og letta, seier tidlegare styremedlem Leif Grutle til Vestavind etter røystinga.

— Me må takke både ordførar, formannskap og kommunestyre for at dei trudde på oss og tok ansvar, seier Grutle.

Han seier det er mange andre sider av saken han håpar vert fulgt opp, slik at ingen andre skal oppleve det same som dei.

— slik at ikkje fleire kjem opp i den forferdelige situasjonen som me har vore i, seier Grutle.

Powered by Labrador CMS