nyhende
Kommunen spanderte midddag: — Eit flott tiltak!
Denne veka har Sveio kommune spandert middag på 250 eldre i Sveio. — Eit flott tiltak, synes Unn Rognerud og Johannes Sjurseth som fekk både aure i magen og musikk i øyret på Ryvarden Kulturfyr.
Arrangementet «Eldre ut på middag» gjekk av stabelen i Sveio denne veka. Kort fortalt spanderte Sveio kommune middag på 250 innbyggarar over 65 år. Det heile gjekk føre seg med påmelding etter først til mølla-prinsippet.
Då det gjekk av stabelen i fjor blei frivilligsentralen, som hadde ansvar for påmelding, nedringt dei første timene av folk som ville ut og vere sosiale etter ein lang pandemi.
Heller ikkje i år let folk be seg to gonger.
— Det gjekk nesten like raskt i år som i fjor. Etter to dagar var alt fullbooka, fortel Guro Røher Eriksen ved Sveio frivilligsentral. Dei hadde ansvar for påmeldinga, og for å koordinere henting med taxi for dei som trengte det, fortel ho.
Fin måte å møtast på
Vestavind stakk innom arrangementet på Ryvarden tysdag. Der var det 43 påmeldte som fekk ei flott oppleving, og kor til og med sola kikka fram.
— Eit veldig fint arrangement, seier Unn Rognerud. Saman med mannen Johannes Sjurseth hadde ho tatt turen.
Ho fortel at dei ikkje var med i fjor.
— Me tenkte vel då at så gamle var me ikkje, ler ho.
Johannes legg til at det ikkje er så ofte ein har høve til å møte andre eldre på ein slik måte, og set difor stor pris på kommunen sin invitasjon.
På Ryvarden baud kulturfyrvoktar Gunn Bente Håvardsholm og hennar medhjelparar på aure til middag, både tysdag og onsdag. Men ikkje nok med det, dei frammøtte fekk også musikalsk underhaldning med kjente og kjære viser.
Til sist i det halvtimelange musikalske innslaget vart alle oppmoda om å skrive noko positiv om Sveio på ein lapp, og til sist sydde ho på nokre få minutt ein Sveio-song på bakgrunn av kva folk hadde skrive. Den var det trioen Gunn Elton, Torbjørn Økland og Halvor Lillesund som sto for.
Gunn Bente Håvardsholm synes det er flott at kommunen ville koste ein middag på dei eldre i år, etter same mal som i fjor.
— Dette er ein vinn-vinn-vinn-situasjon seier ho, og peiker på at dei eldre får mogelegheita til å vere sosial, dei tre serveringsstadane (Ryvarden Kulturfyr, Kaien i Førde og Fontana i Sveio sentrum) får kjærkomne ekstrainntekter og kommunen får mykje ros for eit flott tiltak, seier kulturfyrvokotaren.
Kommunen tek heile rekninga
I fjor var det staten som dekte det aller meste av kostnadane til arrangementet, då regjeringa såg på dette som eit fint tiltak etter eit år med lita sosialt samvær grunna koronapandemien.
I år er det kommunen sjølv som spanderer kalaset som hadde eit samla budsjett på 132.000 kroner. Det gav politikarane grønt lys til i vår.
Sveio sine folkevalde delte då tankane til rådmannen som i framlegget til saka argumenterte med at erfaringa frå same arrangement i fjor var at det var svært kjærkommen og særdeles godt motteke året før.
— Og sidan den tid har det vore tilsvarande lite kontakt for mange med ulike smittevernverglar, konkluderte rådmannen med.
Utgiftene blir dekt med midlar frå kommunen sitt disposisjonsfond.