nyhende
Mogleg sal av kommunale bygg:
– Kommunen sin nytteverdi treng ikkje berre å ha med økonomi å gjera
Sveio Arbeiderparti og Sveio Høgre er einige om at samlingsplassar ikkje bør seljast.
Rådmann Jostein Førre fekk i desember eit oppdrag av kommunestyret, der han skulle kartlegga kommunale bygningar i Sveio kommune, og gjera greie for kva bygg kommunen ikkje har bruk for lengre. Lista over moglege salsobjekt blei klar i sist veke, mellom anna fire nedlagde skular og Tinghuset i Førde.
Me har høyrt med nokre av partia i Sveio om kva dei tenker om objekta på lista. Sveio Høgre er klar på at enkelte bygg ikkje kan seljast.
Arena for aktivitet
– Lista inneheld fleire bygg som har viktige funksjonar for frivillige lag og organisasjonar. Bygga er arena for mykje aktivitet, utgjer eit viktig tilbod for innbyggjarane og er sentrale for å oppretthalda våre levande bygder. Dette er med å gjera Sveio attraktiv for både nye og eksisterande innbyggjarar. Desse bygga må difor takast ut av lista, seier John Kristian Økland på vegne av kommunestyregruppa.
Dei er også overraska over rådmannen si framgang, då det ikkje er oppretta dialog med brukarane av bygga i forkant av saka.
– Me meiner, i motsetning til rådmannen, at desse bygga er strategisk viktige for kommunen, då dei er samlingspunkt for mykje aktivitet rundt om i bygdene, seier Økland.
Dialog med brukarane
Sveio Senterparti synest det er synd om møteplassar blir øydelagde.
– Senterpartiet ønskjer liv i alle bygder, og i denne saka håpar me at brukarane av bygga får sagt si meining – spesielt dei som blir brukt av lag org organisasjonar, seier Monica V. Valen til Vestavind.
– Ikkje berre økonomi
Sveio Arbeiderparti vil ikkje selja bygg som blir brukt til lokale forsamlingshus og ulike sosiale arrangement av frivillige lag og organisasjonar.
– Desse bygga fungerer som viktige samlingspunkt rundt om i bygdene, og er svært viktige for å halda aktiviteten oppe i heile kommunen. På denne måten har desse bygga konkret nytteverdi for Sveio kommune. Dette gjeld i første rekke dei gamle skulebygga, men også Tinghuset i Førde sentrum. Skulebygg som er i drift i dag, blir også brukt som lokale forsamlingshus med same viktige funksjon for lokalmiljøet, seier Håkon J. Skimmeland på vegne av Sveio Arbeiderparti.
Saka er ikkje ferdig diskutert i partiet, men gruppeleiaren trur nok at fleire av dei andre bygga kan seljast.
– Det er ingen grunn til at kommunen skal låsa kapital i bygg som kan komme betre til nytte på annan måte. Likevel er det viktig å vera bevisste på at kommunen sin nytteverdi treng ikkje berre å ha med økonomi å gjera. Saka er heilt ny, og Sveio Ap si kommunestyregruppe har derfor ikkje fått drøfta ferdig enda, seier Skimmeland.
– Bør ikkje selgjast
Sveio FrP meiner at lista inneheld bygg som bør vera uproblematisk å selgja, men også bygg som betyr mykje for mange – som ikkje bør selgjast.
– Me må finna gode og varige løysingar i lag med bygdene for å sikra aktivitet og mangfald i bygdene, seier Rune Teikari i Sveio FrP. Bygg som blir brukt aktivt som forsamlingshus bør ikkje leggjast ut for sal, seier politikaren.
Alt i alt synest han at oversikta over eigedomsportefølgja til Sveio kommune gir eit godt grunnlag for å jobba vidare med realisering av verdiar, og sikra at kommunen i framtida sit på ei hensiktsmessig eigedomsportefølgje.
(Saka er oppdatert med innspel frå Sveio FrP etter at saka blei publisert)