nyhende
Kommunen si nettside fungerer igjen
Leverandøren til Sveio kommune sin nettside melder at nettsida sveio.kommune.no er nede. Årsaka er eit tenestenektangrep mot ein av deira underleverandørar.
SISTE: Kommunen si nettside er oppe og går igjen.
Sveio kommune si nettside er nede, noko som vil seie at den ikkje virkar.
Feilen vart først oppdaga klokka 09.00, og det er ikkje kjend kor lenge problemet har vore.
Kommunen opplyser at dei har fått følgjande svar frå deira leverandør ACOS AS:
– Sentral infrastruktur hos vår underleverandør har utfordringar som følgje av eit tenestenektangrep mot ein kunde. Denne kunden er orientert. Utfordringane medfører dessverre at trafikken til våre øvrige tenester vert påverka, skriv ACOS SA.
Dei fortel Sveio kommune at dei er i tett dialog med underleverandøren som er råka av angrepet, og at arbeidet med å løysa det vil halda fram inntil det er fiksa.
Dei fleste kommunane på Haugalandet har ACOS som leverandør, og ein kjapp sjekk viser at det berre er Karmøy kommune sine nettsider som er oppe og går i skrivande stund.
Nynorsk Pressekontor melder også at er fleire kommunar råka av same problem andre stadar i landet, mellom anna Nome og Midt-Telemark.