nyhende
Kommunen kjøper legekontor
Måndag går kommunestyret i Sveio truleg inn for å kjøpe Førde Legekontor. Den noverande eigaren er takksam for at kontoret har ei framtid.
Under formannskapsmøtet den 30. mai vart partia samde om at kommunen skulle gå frå å vera leigetakar til eigar av Førde Legekontor.
Vedtaket er gjort utifrå økonomiske vurderingar: Med dagens leigeavtale har kommunen ein årleg leigekostnad på 245.000 kroner. I staden vil kommunen no kjøpa lækjarkontoret for 2.490.000 kroner og oppgradera bygget for om lag 300.000 kroner.
Eigar i 25 år
Sidan 2019 har Sveio kommune berre vore leigetakar hjå Førde Legekontor. I tillegg til to kommunale lækjarar er det òg ein privatpraktiserande fastlækjar i bygget, nemleg Jens Aksdal.
Aksdal er eigar av kontoret, noko han har vore heilt sidan det vart bygt i 1997. No er han deltidspensjonist og kjenner at det er på tide å levera stafettpinnen vidare.
— Eg byrjar å verta så pass oppi åra no at eg ikkje kan ha ansvar for kontoret lenger, seier Aksdal til Vestavind.
Kommunen har førebels takka ja til å kjøpa bygget. Så lenge kommunen driv lækjarkontor i Førde, meiner dei at det vil vera føremålstenleg å eiga bygget, hovudsakleg på grunn av høge leigekostnader.
Fare for nedlegging
Det ser ljost ut for Førde Legekontor no, men det har det ikkje alltid gjort. I november 2020 hang Førde Legekontor i ein tynn tråd, då det føregjekk ein diskusjon kring samanslåing av dei kommunale lækjarkontora i Sveio. Dette innebar ei mogleg nedlegging av lækjarkontoret i Førde, med den konsekvens at det einaste kommunale lækjarkontoret skulle vera å finna på kommunehuset i sentrum.
Dette framlegget skapte enormt engasjement blant sveibuar flest, og aller mest blant innbyggjarane i Førde og Valestrand. Dei meinte det var galskap å leggja ned Førde legekontor i sentraliseringa sitt namn og oppretta dermed ein underskriftskampanje, som på berre nokre dagar vart signert av i underkant 600 sveibuar – før politikarane i det heile hadde teke stilling til saka.
Framlegget om nedlegging var gjennom hovudutvalet for helse/omsorg, hovudutvalet for oppvekst/kultur, formannskapet og kommunestyret.
Under kvart einaste møte viste der seg at alle dei politiske partia var på lag med motstandarane av samanslåinga: Det var på det jamne brei politisk semje om å lata Førde legekontor verta ståande. Både ordførar Linn Therese Erve (Ap) og varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) gav tidleg uttrykk for at dei ikkje ville gå for samlokalisering på kommunehuset. Saka var oppe i kommunestyremøtet i desember 2020, og politikarane vedtok samrøystes å freda Førde Legekontor.
Sikra framtid
Aksdal vart positivt overraska då han i 2020 vart møtt med Vestavind sitt nyhende om ei sikker framtid for Førde Legekontor. Trass i at han no takkar av som eigar, er han nøgd med at kommunen ynskjer å kjøpa bygget:
— Eg ser på eigarskiftet som positivt. Tidlegare var det snakk om å leggja ned bygget. At kommunen no ynskjer å kjøpa det, sikrar drifta av Førde Legekontor ei framtid, presiserer lækjar Aksdal.
Den 13. juni skal kommunestyret ta ei endeleg avgjerd om kjøp av bygget.