nyhende

Kommunen heldt eige «reality»-kappløp

Torsdag ettermiddag var det full fart for 115 offentlege tilsette i Sveio kommune. Fordelt på 24 bilar fauk dei rundt i Sveio for å løysa ein rebus. — Det var stort engasjement, seier Ingunn Toft, kommunalsjef for helse og omsorg, og organisator for hendinga.

Publisert Sist oppdatert

Politikontakt Jostein Salemonsen sto torsdag ettermiddag klar på post og venta på forsterkingar. Dei besto av 115 kommunalt tilsette fordelte på 24 lag, og skulle alle hjelpa han med å løysa ei mordgåte.

Heldigvis var det ikkje eit ekte mord, men del av ein rebus organisert av Sveio kommune for sine tilsette.

— Det er andre året me gjer dette, seier Ingunn Toft, kommunalsjef for helse og omsorg.

Ei utruleg reise

Søndag 7. mai sat ho i 16 timar og la opp ruter til alle dei 24 laga som skulle delta på rebus. Formiddagen før hendinga gjorde ho storhandel for å kunna tilby påsmurt brødmat til svoltne deltakarar. Då forklara ho kva som skulle skje og kvifor.

— Det er basert på det TV-programmet som gjekk før, med namn «The Amazing Race» (Den utrulege reisa). Der skal deltakarane løysa oppgåver ulike stader medan dei reiser verda rundt, sa Toft.

Men ei verdsomspennande reise vert litt lengre enn det Toft og deltakarane finn naudsynt for å mora seg.

— Det vert litt over vår ambisjon med å reisa utanlands, så me held oss i Sveio, humra ho.

Høg innsatsfaktor

Ho gleda seg veldig til å sjå korleis laga kom til å løysa oppgåvene. Etter hendinga er ho svært nøgd med korleis det gjekk.

— Det var stort engasjement og høg innsatsfaktor blant deltakarane. Stemninga ved målgong var elektrisk! Seier Toft.

Forutan å løysa ei mordgåte med politiet, måtte dei proklamera dikt til tilfeldige golfspelarar på golfbanen, laga ein dorullmumie, og møta ein kanin på stranda i Førde.

Då alle var ferdige venta det pizza og premieutdeling på kommunehuset.

— Vinnarlaget var frå Sveio skule. Jarle Erdalsdal, Kristin Larsen, Pablo Trescastro og Anette Vikse, seier Toft.

Powered by Labrador CMS