nyhende

Sveiogata 72 har fått ny eigar gjennom Bagne Eigedom, som er eigd av John Edvin Bagne (30).
Sveiogata 72 har fått ny eigar gjennom Bagne Eigedom, som er eigd av John Edvin Bagne (30).ARKIVFOTO

Kommunen gjev gratis avis til studentar

Kommunestyret i Sveio har vedteke å setja av 20.000 kroner for å finansiera gratis Vestavind til studentar busette utanfor kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Det var Høgre-leiar John Kristian Økland som på vegner av Høgre og dei andre politiske partia fremja framlegget under kommunestyremøtet måndag 13. juni. Framlegget vart samrøystes vedteke, og kommunen løyver no 20.000 kroner til å nå den yngre garde med lokalavisa.

John Kristian Økland, gruppeleiar i Sveio Høgre.

Grunngjevinga ljoda som følgjer:

«Lokalavisa har ei verdfull rolle i kommunen, både som nyhendeformidlar og som ein viktig kanal for lokale annonsørar. Den digitale satsinga Vestavind har gjennomført, gjer at dei med nettavisa er meir dagsaktuelle og treffer ei stendig breiare og yngre lesargruppe».

Ved å tilbyda gratis abonnement til dei som er under 30, busette utanfor kommunen og er studentar, lærlingar eller i militæret, gjev ein dei mogleiken til å halda seg oppdaterte på kva som skjer i heimkommunen, i tillegg til å følgja med på bu- og arbeidsmarknaden. Dette vert vurdert som eit taktisk grep for å få unge til å etablera seg i heimkommunen på sikt.

Powered by Labrador CMS