nyhende
Kommunen gjentar suksessen – vil invitere 250 eldre ut på middag
Alt tyder på at dei eldre over 65 år i Sveio blir inviterte ut på middag av kommunen også i år, slik dei vart i fjor.
Tiltaket «Eldre ut på middag» var populært då det vart gjennomført første gongen i fjor. Då vart det det spandert 237 middagar, fordelt på resturanten ved Ryvarden Kulturfyr og Kaien i Førde.
Etter pandemien
Målet med arrangementet er å motverke fysiske og psykiske konsekvensar av sosial isolasjon og legge til rette for at eldre igjen kan vere del av ein sosial fellesskap etter ein lang periode med pandemi.
— Erfaringa frå 2021 var at det var svært kjærkome og særdeles godt motteke. Sidan den tid har det vore tilsvarande lite kontakt for mange med ulike smittevernreglar, heiter det i rådmannen sitt framlegg, som er ført i pennen av kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft.
I tilrådinga frå rådmannen heiter det at er ynskjeleg å gjennomføre arrangementet i perioden august/september.
Frivilligsentralen
Sveio kommune vil etter planen, og som sist, samarbeide med Frivilligsentralen om praktisk gjennomføring, der Frivilligsentralen har ansvar for transport av alle eldre som hadde behov for det. Ein ønskjer å gjennomføre 3 dagar med både middag, dessert og underhalding på lokale restaurantar. Arrangementet skal gjennomførast med påmelding etter «første til mølla»-prinsippet, og med tilbod om transport for inntil 250 eldre.
I 2021 fekk kommunen dekt 125.000 kroner av totalkostnaden på 132.000 kroner tilskotsmidlar frå Statsforvaltaren til tiltaket. I år er tiltaket foreslått dekt av disposisjonsfond.
Rådmannen sitt framlegg er samrøysta vedteke av både eldrerådet og formannskapet. Sistnemnde handsama saka måndag denne veka. Saka skal opp til endeleg avgjerd i kommunestyret 13. juni.