nyhende
Kommunen gir opp el-hjullastar
Sveio kommune skaffa seg ein elektrisk hjullastar i 2021, som del av eit klimavennleg pilotprosjekt. Eitt år seinare vert den bytta ut med ein dieseldreven. Årsaka er svakare batterikapasitet enn det ein ifølgje rådmannen var førespegla.
I 2019 vedtok Sveio kommune å investere i ein elektrisk hjullastar som eit miljøtiltak, av typen Kramer 5055e.
— Det var eit pilotprosjekt der me fekk tilskotsmidlar for at det skulle vere klimavennleg, seier konstituert rådmann Ingunn Toft.
Kommunen fekk om lag 340.000 kroner i tilskot frå Miljødirektoratet til å kjøpe inn den elektriske maskinen.
Den vart levert og teken i bruk i 2021. Etter berre eitt års bruk skal kommunen bytte den ut, til fordel for ein som går på diesel.
Årsaka er dårleg batterikapasitet seier rådmannen.
— I utgangspunktet er me veldig fornøgde med maskinen. Men den skulle kunne køyrast i fire timar før lading, men varar berre i underkant av ein time, seier Toft.
For lite kraft
Ho fortel at kommunen vart førespegla at batteriet skulle vare i fire timar og trengte berre ein halvtime lading. Det har vist seg å ikkje stemme.
— Det er ikkje hensiktsmessig å halde på i tre kvarter for å så lade ein halvtime, seier ho.
På nettsida til produsenten hevdar dei at maskina, avhengig av bruk, skal kunne halde i fem timar.
Tanken til Sveio kommune var at maskina skulle brukast til kommunale anlegg, både kosting inne og utandørs, transport av jord og sand, og andre arbeidsoppgåver.
— I prinsippet vert det nærmast rekna som ein reklamasjon, og me har vore i kontakt med firmaet som har levert maskina, seier ho.
Maskina står for tida i eit kommunalt garasjebygg i Leitevegen, det såkalla Lothe-bygget.
Vestavind vert vist maskina av ein tilsett, som køyrer den ut og fortel kort at den ikkje har vore mykje brukt.
Betaler tilbake halvparten
Rådmannen orienterte formannskapet om maskina på eit møte måndag den 17. oktober. Der forklarte ho at Sveio må tilbakebetale berre halvparten av tilskotet dei fekk frå Miljødirektoratet.
— Me har diskutert stønaden med Miljødirektoratet. Dei er ikkje interessert i å putte Sveio i ein vanskeleg situasjon, på grunn av at det var ein miljøsatsing, seier Toft.
Dermed vert 170 000 kroner tilbakebetalt frå Sveio til Miljødirektoratet.
— Samla sett går me cirka i null, seier Toft.
Sjølv om den nye maskina ikkje er like klimavennleg, har kommunen framleis hatt eit miljøfokus i korleis dei har løyst utfordringa.
— Me får ein ny hjullastar som er dieseldreven, men har ein fem-stegs motor som gjer låge utslepp, seier toft.
Kommunalsjef for utvikling Kenneth Tollefsen seier til Vestavind at dei vil få dieselmaskinen frå same leverandør som dei kjøpte den elektriske av.
— Den nye maskinen er litt mindre enn den elektriske, men vil være tenleg til formålet, seier han.
Tollefsen er ikkje sikker på når den nye maskinen står klar, men Sveio vil ikkje gå særleg lang tid utan ein kostemaskin.
— Målet er å få den på plass i slutten av november, seier han.
— Teknisk feil
Den lokale leverandøren som solgte til Sveio kommune seier til Vestavind at batteriet ikkje skal vere dårlig, men at problema kommunen har opplved truleg skuldast ein teknisk feil.
— Det er noko feil med ladaren, slik at den ikkje vert lada skikkeleg opp. Difor varar den så kort tid, seier Alexander Apeland i Apeland Maskinservice AS.
Dagleg leiar av den nasjonale importøren, Tom Erik Huuse, i H&H maskin AS seier følgjande:
— Når det gjeld oppgitt driftstid på 4-5 timar så er det riktig for normalt enkelt arbeid med skuffe og pallegaffel innan eit begrensa geografisk område. Køyring over lengre strekninger vil redusera batterikapasiteten, forklarer han.
Han legg til at vruk av anna utstyr som drives frå maskina, som feieaggregat og liknande også vil redusere brukstida betydeleg, då det tek mykje effekt. Maskina er testa i kalde temperaturar også. Oppgitt driftstid er ved snitt temperatur rundt 18-20 gradar.
— Kapasitet vil reduserast med cirka 1 prosent per grad under 20 grader. Bruk av lys, varmeapparat og liknande vil også reduserer batterikapasisteten, opplyser Huuse.
Importøren er for tida i ein dialog med Sveio kommune og vil undersøkje nærmare kva feilen er, opplys Huuse.
— Kan skuldast fleire faktorar
Då kommunalsjef for utvikling Kenneth Tollefsen vert førelagt at det kan skuldast teknisk feil med ladaren, og at maskina ikkje har vore lada skikkeleg opp, svarar han:
— Maskinen har vist seg å ha passeleg storleik og være bra utanom for kort driftstid til vår bruk. For kort driftstid kan skyldast fleire faktorar. God driftstid er viktig for å ha ei hensiktsmessig drift heile året til tunge oppgåver som kosting og snørydding, seier han.