nyhende
Kommunen byter datasystem
Denne veka har Sveio kommune jobba med å byta ut datasystemet. Det nye skal dei ha saman med elleve andre Vestlandskommunar. – Vil rigga oss betre for utvikling, seier kommunalsjef for utvikling, Kenneth Tollefsen.
Sveio kommune held denne veka på å byta ut gamalt datasystem til ein ny samarbeidsløysing med elleve andre kommunar.
– Denne veka gjennomførar me ein hovudomlegging av systema. Det er ei større omlegging som har vore planlagd ei stund, skriv kommunalsjef for utvikling Kenneth Tollefsen.
Samarbeid vert løysinga
Å drifta ein eigen IT-avdeling for Sveio kommune er både kostbart og vanskeleg med tanke på å ha nok kompetanse til ein kvar tid. Pr no er dei tre tilsette og det er lite kostnadseffektivt.
– Me går inn i eit kommunalt oppgåvefelleskap om IKT, skriv kommunalsjef for utvikling Kenneth Tollefsen.
No skal dei gå inn i samarbeidet med namn IKT Nordhordland (IKTNH). Kommunane som allereie deltek er Alver, Aurland, Austevoll, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger og Vaksdal. No vert Sveio nummer 12 i rekka.
– I eit større fellesskap får me tenester som vanlegvis er for kostbare å drifta åleine som ein kommune, og me kan tilby beredskapsordning heile døgnet, skriv Tollefsen.
Tryggare
Kommunalsjefen peiker også på at det gjev auka tryggleik å stå saman.
– IKT-området utviklar seg raskt med nye mogelegheiter. Samstundes endrar trugselbiletet seg. Målet med eit felles samarbeid er å verta meir robuste og rigga oss betre for utvikling og vidare digitalisering, seier han.
Det har nemleg vakse fram ein eigen industri kor konfidensielle opplysningar innan offentlege tenester vert stolen under «digitale innbrot» og så krevjast pengar for.
Sparar pengar på sikt
Omlegging skal vera ferdig denne veka, men det vil fortsatt vere arbeid utover hausten med å flytta andre fagsystem som ikkje har førsteprioritet. Overgangen er berekna til å kosta 1.500 000 kroner, men på sikt vil utgiftene til drift og liknande vera mindre enn når Sveio kommune skal drifta alt sjølv.
Samanlikna med dagens ordning vil IKTNH kosta 10. 000 kroner mindre årleg, altså frå 7.650 000 kroner til 7.640 000 kroner. Men, for dei pengane vil Sveio får meir tryggleik, kompetanse og betre digitalt servicetilbod meiner Tollefsen.
– Målet er å kunne gje fleire digitale tenester til innbyggarar framover og kunne levere enda betre kvalitet i den kommunale tenesteytinga, avsluttar han.