nyhende

Kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune, Ingunn Toft, fortel at enda ein kommunal lege skal slutta.
Kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune, Ingunn Toft, fortel at enda ein kommunal lege skal slutta.

Kommunelege sluttar til nyttår – håpar på søkarar

Sveio lyser ut fastlegestilling som vert ledig etter nyttår. Får dei ikkje ein erstatning på plass innan då må dei leiga inn, til svimlande pris. – Det har ein kostnad på cirka 100.000 kroner i veka, seier kommunalsjef Ingunn Toft.

Publisert Sist oppdatert

Stillingsutlysinga for ny kommunal lege i Sveio vart lagt ut rundt midten av september. Det har gått lita tid og det har ikkje vore særleg respons.

– Me har ikkje fått søkarar enno, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft.

Ho fortel at ein kommunal lege har takka ja til jobb i ein annan kommune, og forlet arbeidsplassen sin i Sveio ved nyttår. Toft er tydeleg på det er korkje er legemangel eller kjem til å verta det.

Dyrt viss dei må leiga inn

– Viss me ikkje får søkarar, eller det går ein periode før den som vert tilsett kan byrja, så vil me leiga inn lege i kommunen. Så me vil aldri stå utan lege, men må då me nytta bemanningsbyrå, seier ho.

– Er ikkje det veldig dyrt?

– Jo, det er veldig dyrt. Det har ein kostnad på om lag 100.000 kroner i veka, seier Toft.

– Har Sveio kommune budsjett til det?

– Nei, ikkje budsjett til det, men det er ein kostnad som me må bera likevel. For det er krav til forsvarleg legeverksemd i kommunen som me må følgja, seier ho.

Ynskjer kommunal tilsetjing

Ho peiker på at det er utfordrande over heile landet å tilsetja nye fastlegar, og erkjenner at lang tid utan tilsetjing kan ha negative konsekvensar for sveibuar.

– Det vil kunne påverka kontinuiteten til legane, og går det lengre periodar vil det også kunna påverka kvaliteten, seier ho.

Samstundes peiker Toft på at mange legar ikkje ynskjer å driva eigen praksis, og heller vil verta tilsett i kommunale stillingar.

– Og det er jo stillinga som me lyser ut, avsluttar Toft

Powered by Labrador CMS