nyhende
Kommunar prioriterer idrettsbygg over kulturbygg
Det er Telemarksforsking som har utarbeidd rapporten.
Dei har undersøkt bruken av, og behovet for, kulturlokale i 17 utvalde norske kommunar. Kultursjefane i kommunane er intervjua og funna teiknar mellom anna eit bilete av stram kommuneøkonomi kombinert med låg forståing blant lokalpolitikarane for eigna lokale til kultur.
Nokre kultursjefar opplever at det er krevjande å få forståing blant politikarane for at kultur også kostar pengar, samanlikna med, til dømes, idretten.
Mange kultursjefar seier at det er politisk velvilje for at kultur er viktig, men at økonomien i kommunen og manglande forståing gjer at pengane ikkje alltid sit like laust.
Skulane er for dei fleste kommune svært viktige kulturlokale, men dei blir ikkje nødvendigvis lagde til rette for bruk, og fleire melder om at tilgjengelegheita er for låg.
Dei fleste kommunane er i stor grad avhengige av tilgang på nasjonale midlar for å kunne gjennomføre nødvendige oppgraderingar og investeringar i kulturlokale, men dei manglar kapasitet til å prioritere arbeidet med søknadsskriving.
Rapporten viser at det i fleire tilfelle er låg forståing blant lokalpolitikarane for at kulturen på same måte som idretten treng eigna og tilpassa lokale og arenaer. Kultursjefane seier at det ofte er lettare å få forståing for bygging og utbetring av idrettsanlegg enn kulturlokale.
Undersøkinga er ein del av forskingsprosjektet Kartlegging av kompetanse, ressursar og organisering i kommunal kultursektor. Undersøkingane vart gjennomførte på oppdrag frå, og i samarbeid med, Kulturrom, Norsk kulturforum (NOKU), og Fagforbundet.
(©NPK)