nyhende
– Kommunane treng større sjølvråderett
Å gi kommunane ei reell moglegheit til å styra sjølve i større grad er eit viktig bidrag til kommunar som vil byggja fleire arbeidsplassar, meiner Torbjørn Røe Isaksen (H). Sveio Høgre vil gjerne ha handa på rattet i forhold til korleis kommunen skal utvikla seg.
For arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen var det sjølvsagt å setja av litt tid til dei lokale Høgre-politikarane då han var på bedriftsbesøk torsdag sist veke. Statsråd-rolla blei sett til sides då bilde blei knipsa og filmsnuttar innspelt, som sannsynlegvis vil bli verkemiddel i valkampen.
Ei sak Høgre er opptatt av som treff Sveio og andre distriktskommunar, er å ha nok arbeidsplassar å tilby.
Fiber og sjølvstyring
– Kva tiltak har regjeringa til næringsfattige kommunar?
– Det viktigaste me gjer, er å sørgja for grunnlaget, starta og oppretthalda bedrifter. Samferdsel er ikkje berre veg og sjø. Utbygging av fiber og breiband er eit viktig bidrag, seier Torbjørn Røe Isaksen til Vestavind under bedriftsbesøk til Bremnes Seashore sin base på Tittelsnes.
Han trekk også fram den reelle moglegheita for å styra i eigen kommune som eit viktig bidrag for å styrka grunnlaget for næringsutvikling, spesielt innan arealplanlegging.
– Mange nasjonale reglar er A4, og tilpassa tettbygde og hytterike kommunar. Eg meiner ikkje at det skal vera fritt fram å byggja ut kor som helst. Det blir gitt meir medhald no, men det er ein del meir å gjera, seier Røe Isaksen, og viser til at prosjekt tidvis blir stoppa av statsforvaltaren eller folk høgare oppe i systemet, som ikkje nødvendigvis kjenner dei lokale forholda like godt.
Fleire arbeidsplassar
Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) frå Stord er samd i at det framleis er ein jobb å gjera i forhold til lokal sjølvråderett.
– Høgre har eit tydeleg programforslag som vil jobba vidare med at ein lokalt kan bestemma korleis kommunane kan utvikla seg. Det var vanskeleg for ein statsforvaltar eller nokon i Oslo å bestemma korleis kommunane skal utvikla seg, for alle har ulike føresetnadar. Så spørst det om kommunane ønskjer å ta eit tak, seier Eskeland, som står på 4. plass på vallista til Stortinget for Høgre Hordaland valkrins.
Eskeland er klar på at Høgre ønskjer fleire private arbeidsplassar. Nyetableringar har vore viktig for Høgre i denne perioden, og resultata viser igjen i form av fleire nyetableringar enn førre periode.
For distriktskommunar som Sveio, støttar ho Røe Isaksen i hans tankar om fiber og breiband. Det kan føra til at folk kan vera tilsett kor som helst i landet og verda, og jobba heimefrå.
– Eit konkret forslag frå Høgre er at kommunane lagar kontorfellesskap for dei som jobbar heime. Då kan folk møtast til ein jobbkvardag, felles lunsj, få tilgang til møterom og fellesaktivitetar, seier Eskeland.
Desentraliserte arbeidsplassar
Lars Einar Hollund i Sveio Høgre meiner at vår kommune har fått stor uttelling på breiband dei siste åra, takka vera satsinga frå Stortinget og Regjeringa.
– Me må ha god dekning i heile landet. Pandemien har vist oss at å jobba på heimekontor eller frå lokalkontor gir ein stor fleksibilitet for arbeidstakar og arbeidsgivar, seier Hollund.
Høgre ønskjer at myndigheitene skal leggja til rette for at ein kan vera tilsett i staten utan at ein treng bu i hovudstaden.
– Satsinga på breiband og 5G er rett og nødvendig for å få dette på plass, seier Hollund, og viser til stillingar frå departement og direktorat som skal lysast ut, der arbeidstakarane kan bu kor som helst i landet.
– Dette vil også komma Sveio til gode. Eg er sikker på at me har kvalifiserte søkarar her, seier han.
Næringsareal i sjø
Overstyring frå Statsforvaltaren er noko Høgre vil ha bort, partiet meiner at kommunen sjølv har kompetanse og kunnskap til å ta sjølvstendige avgjerder. På lokalt nivå blir dette støtta.
– Me ser at Statsforvaltaren har ein tendens til å leggja inn for mange motsegn til planane me sender inn. Han skal ta seg av nasjonale retningslinjer, men i mange tilfelle blir det operert på eit detaljnivå som ikkje er bra, seier Hollund.
Han er glad for at det blir jobba for større råderett. Til dømes ser han at næringsareal til sjø er ettertrakta for næringsdrivande mange stader.
– For meg er det viktig at det er me lokalt her i Sveio som får ha handa på rattet i forhold til korleis kommunen skal utvikla seg, noko me i Høgre lokalt har vore pådrivarar for at partiet skal ha med i programmet, seier Hollund, som sjølv står på stortingslista for Hordaland valkrets, på 20. plass.
– Kva er dine ambisjonar for valet?
– At Høgre gjer eit knakande godt val, slik at Høgre saman med dei andre borgarlege partia får lov til å fortsetta jobben med å få fart på Noreg etter pandemien, og då med Erna som statsminister.