langt borti fjødlo
– høyre di no?
No livnar det i lundar, og over heile landet skal husdyr til fjells for å gjere seg feite og leve gode og frie sommarliv. Men utan stengsler kring buskapen er stølsfolket avhengig andre verktøy for å få dyra heim til kveldsmjølkinga. Det er nok mang ei fersk budeie som har gråte sine modige tårer når mørkeret har lagt seg over stølen, og kyrne enno ikkje er å sjå på vollen.
Kyre i beito
langt bortom leito
– komma di no?
Til liks med både sauelokk og geitelokk, har kulokken alltid vore budeia sitt fremste reiskap for å kommunisere med dyra. Men ulikt andre lokkar, som ofte berre var enkle og oppattakande rop med lokke- eller kalleord, er kulokkane på sitt beste også musikalske meisterverk, seier Bjørn Aksdal til Nynorsk pressekontor.
Aksdal er tidlegare universitetslektor ved Noregs musikkhøgskole og har vore seniorforskar ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans i tretti år. I dag jobbar han som uavhengig musikkforskar og forfattar. Aksdal fortel at budeia brukte stille seg opp på ein plass der ho visste lyden bar langt og godt, før ho gav seg i kast med den intrikate songen. Lokken kunne vere sett saman av ulike formlar og motiv som budeia gjerne improviserte over:
— Lokken starta ofte med ein introduksjon med høge rop, der dyreslaget eller namnet på kyrne vart nemnt. Lokkeropa gjekk ofte høgt i register, og songaren måtte beherske avanserte og store tonale sprang. Toneomfanget kunne vere opp til halvanna oktav. Lokkeropa vart så etterfølgt av ein del der ho bad kyrne koma heim, seier Aksdal.
Kom kjyræ – kom dyræ
kom Demalaros, kom Randeliros om kvelden
— I den avsluttande delen gjorde budeia stemma uimotståeleg vakker med såkalla melismatiske tonar; der ho utpensla og skjønnmåla somme stavingar, gjerne vokalar, for å gjere songen så innsmigrande og lokkande som mogleg. I denne delen kunne ho gjerne sette inn ein melodi frå ein kjent danseslått for å lage meir liv i lokken.
Su da dudel si di su dideldu dittu dei
du dadudel di du su dedeldu dei
Su dadu dittudei su dittudei
su dadu didu deisu didelu dei
Kvar budeie hadde gjerne sin eigen lokkemelodi som dyra greidde å skilje frå lokkane som vart sunge frå nabostølane. Felles for alle melodiane var at dei hadde tonar som kunne bere over store avstandar. Melodien som vart nytta, var ofte innlært og kjent som ein del av eit lokalt repertoar. Og sjølv om dei yngre høyrde på dei eldre og sjølvsagt tok etter dei, fekk lokken alltid ein ny vri og personleg utforming, fortel Aksdal.
Han understrekar at det nasjonale materialet ikkje er godt nok undersøkt, men at det kan sjå ut som skilnadene på lokkane for ein stor del handlar om nettopp dei individuelle tolkingane. Skilnadene er såleis ikkje direkte knytt til geografi, sjølv om det også finst somme særtrekk frå distrikt til distrikt.
Komme no,
kom no vena dekkena dei!
Kom no, kom no!
Lokking har alltid vore uløyseleg knytt til stølsdrift, og den er truleg like gammal som gardsdrifta her i landet, poengterer Aksdal. Arkeologiske funn viser faktisk støling i Sogn allereie på 600-talet. Rundt 1850 trur ein det var rundt 100.000 stølar i drift i Noreg, medasn talet i 1939 var nede i 27.000. I fjor var det berre 900 stølar i aktiv bruk. Det gjer at det også er blitt langt mellom lokkane.
Då er det kanskje ei slags trøyst at det finst mange innspelingar av gammal lokk – ja, sjølv om materialet er lite samanlikna med andre kategoriar i folkemusikken. Bjørn Aksdal meiner difor det er ekstra viktig at lokken framleis lever vidare som ein eigen sjanger blant dagens vokale folkemusikkutøvarar, og har også ei klar oppmoding til dei:
– Det er mange som kan lokke i dagens folkemusikkmiljø, men det er få som nyttar lokk som materiale når dei deltek i songtevlingar under kappleik. Det synest eg er synd. Ein tradisjonell kulokk vil vere eit flott innslag frå scena. Det vil òg kunne bidra til å halde interessa og statusen for lokkinga oppe.
No sigo sol bak hei og nut
og endao so søve du
no sigo sol bak hei og nut
og endao so søve du.
Kom no!
Lære å lokke?
Tysdag 11. juli blir det arrangert eit heildags seminar i lokking på Fagernes i samband med Jørn Hilme-stemnet. Der blir det mellom anna føredrag om lokk som fenomen, relasjon og kommunikasjon. Den praktiske undervisninga er det Karin Kolterud, Johanna Fuglesteg, Eli Storbekken og Karolina Westling som står for, og dei heldt også konsert.
Kjelder : Norsk Seterkultur, Jørn Hilme-stemnet, Store norske leksikon og Wikipedia. Kulokken sitert i teksten er etter Margaret Opheim frå Voss og publisert av Ole Bull Akademiet.