nyhende

Det var svært glatt på staden der ulukka skjedde.
Det var svært glatt på staden der ulukka skjedde.

Kolliderte og blei hengande i gjerde

To bilar var fredag kveld involvert i ein kollisjon på E39 ved Aladalen nord for Haukås.

Publisert Sist oppdatert

Det var svært glatt på staden, og den eine av bilane som var involvert valde å svinga inn på ei busslomme for å unngå å bremsa opp for ein bil framfor.

– Bilen som kom bak der igjen, klarte ikkje å bremsa opp og traff bilen som svinga av til busslomma. Deretter fortsette bil nummer to vidare og blei hengande på kanten i eit nettinggjerde, seier Håkon Tornes, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Bilen sto og vippa på kanten ned til ein bekk, og vart stroppa for å sikra at den ikkje skulle rulla av vegen.

– Det var to personar i bilen, og dei blei sendt til legevakt for sjekk, seier Tornes.

Om lag ein time etter ulukka var vegen open for trafikk igjen.

Powered by Labrador CMS