nyhende
Kolliderte med «kvitt dyr»
Nokre minuttar over midnatt skjedde det igjen. Ein personbil kolliderte med eit dyr i Sveio. Sidan 22. september har det skjedd åtte gonger før. Viltforvaltar Dagfinn Fagerland Bjørge fortel at Statens vegvesen har lova varselsskilt med blinkande lys.
Ingen personar kom til skade under kollisjonen natt til torsdag. Bilen fekk skader i fronten.Samanstøyten skjedde på E39 nær Førde.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 00.18, fortel vaktsjef ved Haugesund politistasjon Nina Fagerland. Dyret som var innblanda i kollisjonen, stakk til skogs etterpå.
Melde om kvitt dyr
Dyret blei i meldinga omtalt som eit «kvitt dyr». Fagerland undrast om det kan skuldast at meldaren berre har lagt merke til det kvite bakpartiet på hjort eller rådyr.
Alternativt kan det ha vore ein sau. Korkje Fagerland eller rådgjevar og viltforvaltar Dagfinn Fagerland Bjørge utelukkar dette, men meiner det er mindre sannsynleg.
Ni påkøyrslar i haust
Av dei åtte dyra som er påkøyrde tidlegare i haust, er det ein oter. Elles handlar det om hjort og rådyr. På E39 er fem hjortar påkøyrde. Tala er ikkje svært ulike dei for same periode i fjor.
Viltforvaltinga i Sveio har lenge ønska seg varsling med skilt og blinkande lys på dei mest utsette strekningane. Dette gjeld ikkje minst den utbetra strekninga på E39 nord for Førde. Etter at det blei sett opp veglys langs denne strekninga, har det vist seg at mange dyr trekkjer mot vegen.
Blinkande varsellys
– No har Vegvesenet funne pengar til blinkande lysvarsling som ein del av dette prosjektet og har lova at skilta og lysa skal bli sette opp før årsskiftet, fortel Bjørge.
Eitt av skilta blir då sett opp like nord for innkøyringa til samfunnshuset i Førde, det andre nord for krysset med vegen til Håvardsholm.
– Me kunne også tenkt oss eit skilt like ved tunnelopninga i nord, men har ikkje fått svar på det, seier Bjørge.