nyhende

Politiet beslagla førarkortet til ein ung bilførar i Førde natt til lauardag.
Politiet beslagla førarkortet til ein ung bilførar i Førde natt til lauardag.

Kolliderte med hjort

– Personane i bilen var noko oppskaka, men uskadde etter kollisjon med ein vaksen hjort i nord i Sveio, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Publisert Sist oppdatert

Samanstøyten skjedde på E39 mellom Vihovde og Berge laurdag, fortel rådgjevar med ansvar for viltforvaltinga i Sveio kommune, Dagfinn Fagerland Bjørge.

Politiet fekk melding om uhellet ved 14-tida. Hjorten hamna på panseret, og bilen blei påført store skader. Ifølge meldinga til politiet var det mistanke om at hjorten var påført eit beinbrot. Dette blei stadfesta litt seinare på dagen då dyret blei oppspora og avliva av viltnemnda sine ettersøksjegerar.

–  No når paringstida nærmar seg er bukkane gjerne meir aktive og kan koma ut på vegen i stor fart, åtvarar. Bjørge.

Powered by Labrador CMS