nyhende

Gravferdsbyråa har mykje å gjere for tida. Det er ekstremt hektisk, seier eit gravferdsbyrå i Trondheim til Adresseavisen. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Gravferdsbyråa har mykje å gjere for tida. Det er ekstremt hektisk, seier eit gravferdsbyrå i Trondheim til Adresseavisen.

Kø hos gravferdsbyråa

Kø hos gravferdsbyråa skaper utfordringar for pårørande. Talet på dødsfall går kraftig opp, noko som delvis blir forklart med covid.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at 37.200 menneske har døydd i år – det er litt over 10 prosent fleire enn i same periode i fjor. I Trondheim har auken vore på 15 prosent, melder Adresseavisen.

– Noko kjem av at dei store kulla som er fødde rett etter krigen, byrjar å døy. Det døydde også litt færre enn normalt under pandemien, så ein oppgang er å forvente. Men desse to faktorane kan ikkje åleine forklare det høge talet døde. Ein del forskarar meiner auken også kjem av koronarelaterte dødsfall, som FHI no melder at går opp, seier demograf Anders Sønstebø i SSB til Adresseavisen.

Så langt i år har det vore 3000 korona-relaterte dødsfall her i landet.

Dagleg leiar Lars Svanholm i Svanholm og Vigdal gravferd, seier til avisa at det er ekstremt hektisk for tida, og fortel at dei har problem med å ta unna alle dødsfalla i Trondheim.

Han opplyser også at kapasiteten på kjøleromma er sprengde.

– Dersom trenden held fram på nyåret, må vi utvide.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS