nyhende
Klatra for Noreg i junior-VM
Ingrid Kindlihagen (19) og Ørjan Rødland Vaage (19) frå Haugaland Klatrelag utgjorde saman med lagleiar og trenar Anders Kindlihagen, heile Noreg sin tropp til junior-VM i klatring i Voronezh i Russland.
Både Ingrid Kindlihagen frå Sveio og Ørjan Rødland Vaage frå Tysvær, stilte i både buldring (klatring på korte ruter utan tau over tjukkasmatter) og led (klatring på lange ruter sikra av tau), og begge kvalifiserte seg for semifinalar i begge disiplinar (dei 26 beste går til semifinale).
Kort veg opp til dei beste
Då Vestavind tek kontakt er trioen i Wien, på veg heim frå Russland. Det er Anders Kindlihagen, far til Ingrid, som tek telefonen.
– I led var begge noko uheldige i sin semifinale og Ørjan fekk 21. plass og Ingrid 26. plass, utan å ha fått tatt ut og vist sitt potensiale. I buldring klatra Ingrid til ein svært sterk 13. plass og Ørjan til ein fin 18 plass. Begge utøvarane våre er godt nøgde med innsatsen, opplyser Kindlihagen.
Han peikar på at marginane er små, og det er ikkje langt opp til finaleplass (dei 6 beste i buldring og 8 beste i led).
– Nivået blant juniorane er svært høgt og fleire av konkurrentane er blant dei 10-20 beste seniorane i verda. Dette er eitt av dei aller beste junior VM resultata for Noreg sidan Magnus Midtbø var blant dei beste i verda, så det lovar godt for våre to utøvarar i framtida, meiner Kindlihagen.
500 deltakarar
Russland gjennomførte eit imponerende og prikkfritt arrangement av ein stor, komplisert og krevjande konkurranse.
Junior VM samla over 500 deltakarar frå heile verda, der dei fleste stilte i 2 disiplinar. På grunn av korona-situasjonen valde Norges Klatreforbund å ikkje senda utøvarar over 18 år.