nyhende

– Klart veksande oterstamme

Torhild Opedal, som me skreiv om i juleavisa, er ikkje den einaste i Sveio som har hatt nærkontakt med oter det siste året. Øystein Kinn fekk for eksempel ein oter i torskeruse ei stund før jul, og Ivar Fjeldheim kom tett på tre ivrige krabbefiskarar i romjula.

Publisert Sist oppdatert

Oteren som gjekk i torskerusa skjedde ein stad i Førdespollen.

– Eg kjenner også til eit par andre som har fått oter i ruse, seier rådgjevar og viltforvaltar i Sveio kommune Dagfinn Fagerland Bjørge.

I tillegg har han fått melding om fire otrar som er påkøyrde på vegane i løpet av 2024. Det siste tilfellet skjedde tidlegare i desember, på E39 ved Hope. Dei andre påkøyrslene fordeler seg på ulike delar av kommunen. I 2023 blei det registrert ein påkøyrd oter i Sveio. Bjørge ser ikkje bort frå at det kan vera mørketal på vegane og ved sjøen.

Stamme i vekst

– Det er ikkje tvil om at oterstamma har auka hos oss. Eg har lese at stamma har auka mindre i Bergens-området. Det blei forklart med at det pågår meir rusefiske rundt Bergen, og at mange oterar endar sine dagar i ruser, seier Bjørge.

Fordelen med ei veksande oterstamme er at oteren fortrengjer minken. Talet på mink som blir innleverte for å få skotpremie, har gått ned. Det helsar Bjørge velkommen, ettersom mink ikkje høyrer naturleg heime i norsk fauna.

– Ingen fare

– Er det noko folk bør uroa seg for med tanke på ei veksande oterstamme?

– Nei, meiner viltforvaltaren.

Men han legg til at for rundt 20 år sidan blei det stilt spørsmål om oter hadde gått til åtak på sau. Fagfolk var med på synfaring og konkluderte med at det ikkje var oter som hadde vore på ferde. Også ein gong seinare har det vore vore mistanke om oteråtak på lam. Bjørge kan ikkje utelukka at det kan ha skjedd.

Då oteren blei totalfreda i 1982, var han alt heilt utrydda i Sør-Noreg på grunn av jakt. No finst det levedyktige bestandar ned til Rogaland, går det fram av ein artikkel kommunikasjonsrådgjevar Jørn Fremstad i Norsk Institutt for Naturforskning (NIVA) publiserte på forskning.no i september.

I artikkelen intervjuar han mellom andre NIVA-forskar Steven Guidos, som fortel at Stord, Kvinnherad og Etne har vore eit studieområde for forskarane. I dette området har bestanden av mink vore stabilt låg dei siste fem-seks åra.

Tek færre fuglar

Oteren sin innverknad på minkbestanden er dokumentert ved å samanlikna område der oteren er godt etablert, som Vestland, med Agder der det ikkje finst oter. Guidos seier nedgang i minkbestanden er godt nytt for dei fleste bakkehekkande sjøfuglar. Rett nok kan oteren også ta sjøgl, men i langt mindre grad enn mink. Forskarane har også funne ut at måkar har utvikla ein eigen strategi for å halda rovdyr på avstand. Dette går også ut over oteren i måkane sin hekkesesong.

Tap av oter i fiskegarn og ruser og ved påkøyrsler kan medverka til at det blir mindre press på minkbestanden i nokre område, heiter det også i artikkelen frå NIVA.

Powered by Labrador CMS