nyhende

Dette bildet er teke i Valevåg under MC-kortesjen i 2019.ARKIVFOTO: BROR E. ERIKSEN
Dette bildet er teke i Valevåg under MC-kortesjen i 2019.

Klart for stor MC-mønstring i Sveio

Sundag 1. mai legg Haugaland Senior MC ut på den årlege MC-kortesjen frå Valevåg til Skudeneshamn.

Publisert Sist oppdatert

Dagen startar i Valevåg. Der skal den lokale barne- og ungdomsklubben Sisu 4H ha kafé med sal av kaffi og vaflar.

Deretter køyrer MC-seniorane til Aksdal, før turen går vidare til endestoppet Skudeneshamn.

Tradisjon

— Dette er ein tradisjon me har gjennomført i ei årrekkje – iallfall i over 20 år, seier Karin Elise Hovland, som er leiar i Haugaland Senior MC.

Kortesjen i 2019 passerer Våge.

Ho fortel vidare at den lokale MC-klubben for seniorar vart etablert allereie i 1994.

— Om eit par år har me altså 30-årsjubileum, seier Hovland.

Kan henga seg på

Ved tidlegare MC-kortesjar har det vore opp mot 400 deltakande motorsyklistar, og folk som har lyst kan slengja seg på undervegs.

— Dette er ope for alle MC-interesserte seniorar, det vil seia folk frå 24 år og oppover, seier Hovland og tilføyer at aldersgrensa moglegeins vert heva på sikt.

Trass i at Hovland ikkje får vore med i år sjølv, veit ho at deltakarane har noko å sjå fram til:

— Eg bruker alltid å gleda meg til dette. Det er sosialt og god stemning. Langs vegane står folk og smiler, flaggar og fotograferer.

Powered by Labrador CMS