nyhende

Ryvarden Kulturfyr.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Ryvarden Kulturfyr.

Klart for ny utstilling på Ryvarden

Publisert Sist oppdatert

Det er vår og ny separatutstilling med ny kunstnar i mai og juni. No er det Alexander Stub sin grafikk som skal gledje brukarane av kulturfyret.

Sterke fargar

Alexander Stub sine arbeider karakteriseres ved hans sterke bruk av farger og kontraster.

Han hadde sin første separatutstilling så tidlig som 1994. Etter utdanning på Kunstskolen i Bergen hospiterte han to år på eit grafisk verksted. Fra 2004 har han drevet som kunstner/grafiker på heiltid. Stub har jevnlig separatutstillinger, og er innkjøpt av og har utsmykket en rekke store bedrifter.

Gammal teknikk

—  Alexander har blitt ein mester innan linoleumssnitt, ein teknikk som færre og færre jobbar med. Linosnitt er ein gammal teknikk som er nært beslekta med tresnitt.
Opplaga er små og består som regel av 25-35 eksemplarer. Han trykker alle bildene sine sjølv, noko som gjer at dei blir så original som de kan vere, heiter det i ei pressemelding.

Eit av bilda til kunstnar Alexander Stub, som skal ha separatutstilling på Ryvarden frå komande sundag.

I sine tidlegaste år som kunstnar arbeidde han stort sett abstrakt. Etter kvart med konturer av fjell og landskap, ofte med enkle og klare linjer for å få fram det ville og vakre.
I ein del av hans aller siste linoleumssnitt har han tatt inn enkle konturer av folk, samtidig som han har beholdt fargespillet frå naturerns side med abstrakte former.

Utstillinga opnar sundag og står til og med sundag 26. juni. Galleriet har ope laurdagar, sundagar og helligdagar.

Powered by Labrador CMS