nyhende
Klart for årets Salamanderløp
Laudag formiddag sørger Sveio IL for nok eit kjekt arrangement for dei yngste med Sveio Sambrukshus som utgangspunkt.
Salamanderløpet er for dei mellom 3 og 13 år. Løpet er for alle, og ein kan både springa og gå. Det er to løyper på om lag 450 og 800 meter, så dette er overkommeleg for alle. Ein vel sjølv kva løype ein vil springa.
Alle får startnummer, men dette er eit løp utan tidtaking. Her gjeld det å gjennomføra, ikkje springa fortast. Meistring og idrettsglede er det som står i fokus. Vel i mål vankar det deltakarnedalje, frukt og smoothie.
I år er det 8. gong Salamanderløpet blir arrangert. I fjor var det første gong etter to år med pandemipause, og det blei sett ny rekord med 159 startande. Kanskje blir det ny rekord igjen?