nyhende
Klare til å ta i mot påskeutfarten på Haukås
På Haukås bensinstasjon er rolegare morgonar ein effekt av dei nye smitteverntiltaka. Både tilsette og kundar må ha på seg med munnbind inne i butikken.
Bensinstasjonar er av verksemdene som får halda ope etter justeringane tidlegare i veka. Dag tre med sterkare tiltak i Sveio og på Haugalandet, er nye rutinar godt innarbeidd på den lokale bensinstasjonen.
I vårsola fortel tydelege plakatar om dei nye rutinane på Haukås bensinstasjon. Folk viser forståing for at dei no må dekka til munn og nase når dei skal inn i butikken.
Tryggleik
– Me har påbod om munnbind for tilsette og kundar som skal inn, bortsett frå dei under 12 år. Generelle tiltak har det vore heile vegen, det er kun dette med munnbind som er oppgradert no, seier Marianne Kinn.
Dei var snare med å snu seg om då det blei strenge tiltak lokalt. På éin time hadde dei fått printa ut plakatar og hengt opp, munnbind var alt i hus.
– Eg føler meg tryggare med munnbind, men det var litt merkeleg i starten. Eg er van med det no, seier tilsett Lise Marie Vikse Bjelland.
Positive tilbakemeldingar
Ikkje alle kjem på at dei bør ha med munnbind om dei ikkje klarar å oppretthalda 2-metersregelen innandørs, men sidan påbodet har vore kjent på Haugalandet nokre dagar, har fleire og fleire det med seg i bilane. Og har dei ikkje med, vil dei få utdelt før dei kjem inn, om dei kontaktar personalet.
– Me har fått svært få negative kommentarar, sjølv om det alltids kan vera ein og annan. Alle er positive, og skjønar kvifor dei må bruka munnbind. Det er ingen som ønskjer seg tilbake dit ein var i mars i fjor, seier Kinn.
Rolegare morgonar
Ellers er folk flinke til å komma innom som før, men til litt andre tider.
– Det er litt rolegare om morgonane no, men det seier seg vel sjølv, når folk har heimekontor, seier Kinn.
Påsken nærmar seg, og i normale tider blir bensinstasjonen mellom Haugesund og Stord godt besøkt. I fjor var det ganske greitt, men då var det forbod mot å reise på hytta. Kinn og mannskapet er førebudde på storinnrykk – i kontrollerte former, sjølvsagt.
– Det er ikkje noko problem, me er klare! Blir det fint vêr og mange som vil ut på tur i lag, oppmodar me til at ikkje heile familien kjem inn, då me har begrensningar på kor mange me kan ha i butikken.