nyhende

Kommunalsjef Solfrid Lier Habbestad har sagt opp og blir pensjonist 1. november.
Kommunalsjef Solfrid Lier Habbestad har sagt opp og blir pensjonist 1. november.

Klare til å opna barnehagane igjen

Fredag var det innspurt i klargjering til barnehagestart måndag. I alle dei åtte barnehagane I Sveio har det vore travelt den siste veka.

Det var knytt stor spenning til barnehagerettleiaren frå Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet. Då den kom onsdag, viste den seg å vera svært konkret.

– Me var allereie i gang med planleggingsarbeidet, og hadde sett til den danske planen i starten. Då den norske planen kom, fall alt godt på plass, og den er ei god støtte for barnehagane, seier Solfrid Lier Habbestad, kommunalsjef skule, barnehage og kultur.

Både eigar og kommune

Ho understrekar at planen viser at Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har samarbeida med dei som skal bruka planen.

– Den er veldig konkret, og bidrar til at den litt anleise kvardagen blir organisert slik at barnehagane får eit godt smittevern.

Kommunen er både barnehageeigar og kommune, og Lier Habbestad seier dialogen har vore tett med alle barnehagane heile veka.

Alle får same informasjon

– Som eigar følgjer me ekstra tett opp barnehagane i Sveio, Valestrand og Førde med å få på plass rutinar, og ser til dømes på kva dei treng av utstyr no som det blir meir tid ute. Kommunen sender også ut eit felles informasjonsskriv til alle foreldra, seier Lier Habbestad.

Dei private barnehagane får same informasjon som dei kommunale, og dei får også informasjonsskrivet.

– Dei har sine eigarar, men kan bruka innhaldet i skrivet slik at det passar inn i deira informasjon.

Full rulle på skulane frå måndag

Fredag hadde kommunalsjefen møte med alle skulane i Sveio. Der startar 1.-4. klasse opp måndag 27. april.

– Me har gjort det me kan gjera så langt. Når rettleiaren kjem måndag, blir det full rulle med førebuingar av skuleopning og SFO. Her er det mange ting som skal på plass, mellom anna skyss, og me er spente på innhaldet i rettleiaren, seier Lier Habbestad.

Ho legg til at både barnehagar og skular allereie har erfaring med smittevern sidan det har vore ope for ein del barn og elevar sidan den nasjonale stenginga 12. mars.

– Me gler oss til oppstart

Vestavind har tatt ein telefonrunde til nokre av av dei åtte barnehagane i Sveio. Felles for alle er ein svært travel innspurt før helga, og at dei ser fram til å møta ungane igjen måndag.

Me har spurt om kor mange barn som kjem måndag, korleis barnehagen ser på opninga, og om de har hatt barn i den stengte perioden.

Barnehagestyrar Bente Hugdahl Apeland i Sveio barnehage reknar med at rundt 60 prosent av barna kjem måndag, og at nokre fleire kjem veka etter.

– Me gler oss til oppstart. Det skal bli kjekt å treffa alle igjen. Me tenkjer at det nå er viktig å starta gradvis og forsiktig i tråd med alle retningslinjer. Me har hatt fleire barn i perioden som har vore. Det er slike som har hatt behov for tilbod frå oss. Dette har gått veldig fint, seier barnehagestyraren.

Dei fleste kjem

I Valestrand oppvekstsenter ventar styrar Arve Myklebust at dei fleste av dei 13 barna dei har kjem. Kanskje nokre få vil utsetja oppstarten litt.

– Me har tru på at dette skal gå heilt fint. Me har jobba med dei barnehagetilsette og fått rettleiing om hygiene og smitteverntiltak som me følgjer opp, og me vil sørgja for trygge forhold på alle vis. Me førebur oss blant anna på ein kvardag med mindre barnegrupper og meir aktiv bruk av uteområda, seier Myklebust, og fortel at de har hatt omsorgstilbod for nokre få born i den strengte perioden.

Midt i soneinndeling

I Gjermundshaugen FUS barnehage, går det i soneinndeling når me får tak i pedagogisk leiar Grethe Saltvedt på Gofoten.

– Me er i full gang med med å dela inn både ute og inne. Det er mykje som skal på plass, så det har vore ei travel veke. No ser me lysninga på det, og har fått planlagt soner, grupper og det meste anna. Korleis det blir i praksis, veit me jo ikkje før måndag. Me får kryssa fingrane og håpa det beste, seier Saltvedt.

Barnehagen har hatt delvis ope heile den stengte perioden, og har gjeve tilbod til eitt til seks barn i veka.

– Me ser fram til å sjå alle ungane igjen. Den første veka ser det ut til at rundt halvparten kjem tilbake. Så tar vi veke for veke deretter.

– Me er klare

Hos Læringsverkstedet Ekrene natur- og gårdsbarnehage er svaret tidleg fredag ettermiddag: – Me er klare og har gjort det me skal gjera, seier styrar Vegar Tollaksen.

Sidan barnehagen er mykje ute til vanleg, har det ikkje vore trong for så mykje tilrettelegging ute, men det har vore nok å gjera i høve til organisering og andre ting for å ha på plass best mogeleg smittevern.

– Me har berre hatt opent to-tre dagar i den stengte perioden fordi det ikkje har vore trong for meir. Det skal bli godt å få ungane tilbake, og me reknar med at flesteparten kjem måndag. Me har fått melding om at 10 barn ikkje kjem den første veka. Dei fleste av desse har foreldre som er heime og vil venta til småskulen opnar 27. april, seier Tollaksen.

Powered by Labrador CMS