nyhende
Klare som egg
Dei ser ganske like ut, dei ein million egga som blir pakka her kvar einaste dag. Men veit du kva eit klinkegg er? Eller kor mange egg-kategoriar me har? Ja, og korleis kan du vere sikker på at frukostegget ditt ikkje inneheld blod? Bli med i påskeinnspurten på det største eggpakkeriet i landet!
– Me har faste sjåførar som berre køyrer egg, og det er svært, svært sjeldan det skjer uhell. Men det er klart, om sjåføren må bråbremse eller køyrer utfor på vegen hit, då kan det bli …
– … eggerøre?
– Mm.
Fabrikksjef Roger Dramstad humrar under nettinglua, medan han viser rundt i Nortura sitt travle produksjonslokale på Rakkestad. Dette er det største eggpakkeriet i landet, og heile 40 prosent av alle egg som Nortura leverer blir pakka og køyrt ut herifrå.
Rundt rekna veg dei tilsette på pakkeriet inn ein million egg kvar einaste dag. I fjor vart det svimlande 17.700 tonn til saman.
Sjåførane som er tiltrudd den skjøre lasta hentar egg kvar einaste veke hjå alle dei 130 bøndene som soknar til pakkeriet, med Øygarden som den vestlegaste stoppestaden.
Garden blir med
Frå bøndene blir egga levert i gule rammer på pallar. Pallane er merka med ein logg som mellom anna syner antal egg, produksjonsdatoen og kva for snittvekt førre leveranse hadde. Så snart egga er registrerte på lageret i Rakkestad, får dei eit nummer som følgjer dei gjennom alle prosessane på fabrikken.
Nummeret blir etter kvart også stempla på egga. Når egga kjem i hus til påskefrukosten, kan du taste inn den same talrekkja i Priors søkjemotor og finne ut kva for gard egga er frå.
Men før det, må kvart einaste egg undersøkjast nøye.
Frå vrak til vaflar
Borte i hjørnet i hallen durar det taktfast i ein knallblå robot, som løftar eggrammene over på samlebandet. Herifrå rullar dei etter kvart inn under ei maskin med fleire små kamera, som skannar og registrerer kor mange av egga som er skitne.
Møkkete egg blir slusa vidare i ein eigen bane, og seinare køyrt til ein eggproduktfabrikk som brukar egga i matproduksjon. Her snakkar me alt frå vaflar og majones til dressingar og omelettmiksar. Men i teorien kunne sjølvsagt dei skitne egga like gjerne blitt vaska og sendt ut til forbrukarane, seier Dramstad:
– I Noreg har me korkje forbod eller påbod om vasking av egg. Det er opp til produsentane sjølv, men dei som vaskar egga, må bruke godkjent vaskepulver dei kjøper av oss. I USA er det påbod om å vaske alle egga. I EU er det derimot ikkje lov å vaske egg i det heile. I Sverige vaskar likevel pakkeria egga fordi ei slik rutine var på plass før dei gjekk inn i EU.
Klink og knekk
Under neste maskin er det kvaliteten på eggeskala som blir saumfare av ei rekkje små sensorar. I slutten av verpeperioden legg hønene ofte større egg, men mengda råstoff dei brukar til å produsere eit skal med, er likevel den same. Egga frå godt vaksne høner har difor gjerne tynnare skal.
Om skalet har sprekkar, blir dei sortert ut som såkalla klinkegg og innhaldet brukt i matproduksjon. Sjølve skalet blir heller ikkje kasta. Både det og membranen blir utnytta til å lage gjødsel i form av kalktilskot.
Det er berre når også membranen under skalet er perforert, slik at det kan kome sjukdomsframkallande mikroorganismar inn i egget, at egget blir definert som knekkegg og dumpa som avfall, forklarer Dramstad.
Jaktar blodspor
Han nikkar mot det 80 meter lange samlebandet som buktar seg gjennom lokalet, og der egga rullar inn mot stadig nye heilautomatiserte stasjonar. Framom oss blir egga brått festa og heist opp i kraftige klyper:
– No skal egga gjennom bloddetektoren, der dei blir gjennomlyste med strobelys. Om det blir funne blodflekkar, går også desse egga rett i bøtta, seier fabrikksjefen.
Egg med dårleg skal, egg som lek og egg med blod i utgjer om lag fire prosent av alle innleverte egg. Det er først når denne ryddeprosessen er unnagjort, at ein sit att med dei godkjente A-egga som skal ut butikk.
Påskeegg til alle
Ser ein året under eitt, et kvar nordmann i snitt 211 egg. Men i dei fem påskedagane frå skjærtorsdag til andre påskedag, aukar eggsvolten markant. På desse få dagane forbrukar me 26 millionar egg totalt. Det svarar til eitt egg per person kvar einaste dag – og er altså dobbelt så mange egg som vi vanlegvis et.
Mange har difor vore bekymra for om det blir nok egg til alle også denne påska. Sidan mai i fjor har me hatt ei underdekning av egg på rundt to prosent, og fleire har tidvis blitt møtt med tomme egghyller i butikkane.
For å sikre nok egg til høgtida har Nortura sentralt, som også er marknadsregulator for egg i Noreg, difor vedteke å auke importen av egg til industrien, slik at fleire norske egg kan gå ut i daglegvarehandelen. Bøndene lèt på si side hønene verpe nokre veker lenger før dei blir utrangerte. Og som ved alle høgtider, aukar Nortura innhentingsfrekvensen av egg inn mot påska, slik at færre egg blir ståande lagra hjå produsentane.
– Med auka inntransport blir arbeidsdagane lengre, og me må nok kanskje jobbe ein laurdag eller to også. I desse vekene pakkar me fort rundt 1,2 millionar egg om dagen, seier Dramstad.
Ein klasseforskjell
Neste stopp er veging. For ja, kvart einaste egg blir faktisk nøye sortert etter kor tungt det er. Frukostegga, eller God morgen-egga frå Prior som dei heiter i butikk, er til dømes i storleiken large og veg mellom 63 og 73 gram. Medium-egg ligg på mellom 53 til 63 gram, small frå 45 og 53 gram og ekstra large frå 73 til 83. Egg som er større og mindre enn dette passar ikkje i nokon av kartongane og blir sendt vidare til matproduksjon.
Schmekk, seier det, når lokka klappar att på dei ulike kartongane merka Prior, First Price, Prima og Eldorado og rullar vidare til kvar sine pallar. Dunk-dunk, og så er store stablar kartongar på plass i pappesker. Dunk-dunk-dunk, så er ein pall stabla med eit tårn av pappesker, og svisj, så er pallen surra i plastfolie.
Menneske vs maskin
Ved enden av samlebandet skyt ein siste robotarm ut frå ei kasse og plastrar etikettar på pallen.
Fabrikksjef Roger Dramstad ofrar knapt roboten eit blikk, men helser blidt i det ein fullasta og menneskestyrt truck durar forbi.
Uansett kor automatiserte mange av prosedyrane er, er dei berre dei siste stega i ein langt større prosess som sikrar mattryggleiken til norske forbrukarar. Det arbeidet startar lenge før egga når pakkeriet – og blir gjort av bønder over heile landet. Alle Nortura sine eggprodusentar er godkjente etter KSL-standarden, som er eit kvalitetssystem i landbruket og gir rett til å bruke «Nyt Norge»-merket på eggpakkene.
Ein del av standarden er at eggbøndene må teste verpehønene sine for salmonella kvar 15. veke, fortel Dramstad:
– Så langt har det ikkje vore kjente tilfelle av salmonella i norske egg, og det er sjeldan i verdssamanheng. Oppfølginga av denne standarden er difor ekstremt viktig for oss.
– Om produsentane ikkje leverer prøvene dei skal, ja, så pakkar me rett og slett ikkje egga deira.
Egg til overs?
Visste du at du kan fryse rå egg, om du fjernar skalet og vispar saman egget?
Du kan også skilje plomma og kviten og fryse dei ned kvar for seg. Kokte og steikte egg eignar seg derimot ikkje til frysing.
Dette er eggmarknaden
Bondeeigde Nortura er den største eggaktøren på den norske marknaden. I fjor hadde selskapet ein marknadsdel på 71,4 prosent. Som marknadsregulator har Nortura ikkje berre plikt til å ta i mot egg frå alle bønder i Noreg. Dei har også plikt til å ta i mot overskotsegg frå andre eggpakkeri.
Selskapet har 380 eggprodusentar og pakkeri på Heimdal i Trøndelag, Hå i Rogaland og Rakkestad i Østfold. Sistnemnde er det største. Dei tek i mot egg frå 130 bønder og pakkar rundt ein million egg om dagen. Samla forsyner Nortura den norske marknaden med 46.000 tonn egg i året og er hovudleverandør av egg til Norgesgruppen og Rema 1000.
Den Stolte Hane er eigd av eit svensk børsnotert konsern. Dei er den nest største eggaktøren i Noreg og oppgir at dei har ein marknadsdel på 25 prosent. Dei kjøper egg frå rundt 80 bønder. Eggpakkeriet ligg i Ski i Akershus og pakkar rundt 800.000 egg om dagen. Selskapet er hovudleverandør av egg til Coop-butikkane. I 2023 leverte dei 13.000 tonn egg til den norske marknaden.
Dei andre større eggaktørane er Jonas H. Meling AS, Rias Pakkeri AS og Toten Eggpakkeri AS.