nyhende
Klare for årets høgdepunkt
Etter fleire år med covid-19 er verdas største fotballcup oppe å går igjen. På laurdag vert Norway Cup opna med konsert i Oslo, og frå Sveio venter 14 klare jenter.
Jenter 14/15 er i år det einaste laget frå Sveio IL som fer til Norway Cup år, men dette skal ikkje setja ein stoppar for moroa. Trenar Asbjørn Valen, kan fortelja at jentene har fleire planar utanom fotballen, kor shopping følgjer tradisjonens gong.
I forkant av cupen har jentene gjort mykje dugnad for at denne reisa skal vera mogleg.
— På kampar har vi hatt kiosk og mange av oss har seld sokkar, seier Carmen Bjørk Sveen. Vi har også vore på Haugesund Sparebank Arena og rydda etter to FKH-kampar, føyer Mathea Andreassen Håheim til.
— Vi skal bli sett
Oppmann Siv Lund Johansen skryt av jentene, og fortel at dei ser eit stort engasjement frå jentene, men også føresette.
– Vi er ein stor gjeng som reiser på laurdag, og vi gler oss til alt det sosiale som vi har i møte. Vi har kjøpt inn flagg med Sveio IL på, så i Oslo, skal vi bli sett, seier ho, med eit smil kring munnen.
Hektisk kampprogram
Jentene frå Sveio har sin første kamp i gruppespelet, mot Gimletroll måndag klokka 8. Denne kampen spelast på Abildsø, medan dei tysdag skal til hovudarenaen Ekebergsletta og spele to kampar mot høvesvis Langhus klokka 8.30 og Molde FK klokka 13.25.
Sluttspel frå onsdag
Dei to beste i gruppa går til A-sluttspel, lag nummer 3 og 4 speler B-sluttspel. Dei første kampane i sluttspelet går av stabelen onsdag, og då er det vinn eller forsvinn.