nyhende

Harald Emil Larsen (63) bur i Vågedalen, men ser fram til å ha heile Sveio som ny arbeidsplass.
Harald Emil Larsen (63) bur i Vågedalen, men ser fram til å ha heile Sveio som ny arbeidsplass.

Klar med praktisk hjelp til eldre

Etter 40 år i Ølen Betong har Harald Emil Larsen (63) fått ny jobb. Samstundes har Sveio fått eit nytt tilbod til heimebuande eldre.

Publisert Sist oppdatert

Første oktober starta Larsen i ei nyoppretta stilling som eldrevaktmeister i Sveio. I første omgang er det ei prøveordning for eitt år, og Larsen er tilsett i 50 prosent stilling. Det betyr rolegare dager for den tidlegare produksjonsleiaren ved betongelementfabrikken i Mølstrevåg. Han har no tatt ut pensjon frå denne jobben og ser fram til å stå til teneste for heimebuande eldre over heile kommunen. Og han håpar det blir meir enn berre eitt år.

Snømåking og strøing

– Eg kan for eksempel hjelpa til med snømåking og strøing, bera inn bed og gjera små vedlikehaldsoppgåver og monteringsarbeid i heimen. Det er også aktuelt å hjelpa dei som installerer ulike hjelpemiddel, forklarar Larsen.

Bistand med brannførebyggande tiltak er også nemnt som aktuelle oppgåver. Plenklipping og klipping av hekk er derimot for omfattande oppgåver for eldrevaktmeisteren.

Timepris

Dei som ønskjer å bestilla tenester av eldrevaktmeisteren kan kontakta tenestekontoret, der Marianne S. Bjelland er leiar. Dei som ber om hjelp må vera innstilte på å betala 385 kroner timen.

Ei veke etter at han tok til i stillinga, ventar Larsen framleis på dei første oppdraga frå målgruppa. I mellomtida står han til teneste for dei andre vaktmeistrane i kommunen.

Powered by Labrador CMS