nyhende
Klar for profftilværet: – Håpar eg klarar det
Golftalentet Bård Bjørnevik Skogen er ferdig på universitetet i Texas og amatørtilværet i golfverda. I juli dreg han til Sverige for si første proffturnering: – Blir kult å testa nivået mot andre profesjonelle spelarar, seier han.
Han er på driving range på Sveio golfklubb når Vestavind møter han.
– Eg kom heim att for seks dagar sidan, seier Bård Bjørnevik Skogen.
Tilbake frå Texas
Reisa heim frå universitetet og byen Lubbock i vest-Texas gjekk fint, og han unngjekk å få såkalla «jet-lag».
– Golf hjelper meg å halda meg vaken slik at eg får forskyve døgnrytmen til norsk tid. Men i fjor var det ille. Då vakna eg klokka 4 kvar morgon, seier Skogen.
Etter å ha spelt golf for universitetet i fire år, er han klar til å ta steget frå amatør til proff. Måndag 17. juni spelar han ei turnering i Irland, og så ein i Danmark veka etter.
– Då er eg ferdig som amatør, og det er det profesjonell tilvære som ventar, seier han med eit smil.
– Du kjem til å vinna! Seier ein forbipasserand golfspelar.
– Korleis kjennest det ut å skulle verta proff?
– Det blir spanande. Det er jo noko nytt å spela som jobben min. Det er det eg skal tena pengar på, og noko eg ikkje har gjort før, seier Skogen.
Draum om å kunne leva av golf
Sjølv om proffkarrieren ikkje har byrja, har han eit mål.
– Å koma til PGA-turneringa. Så eg får sjå kor eg får det best til, i Europa, USA eller Asia, og så koma seg til PGA-turneringa til slutt, seier han.
PGA er den største hendinga innanfor golf og vert spelt frå 13. til 16. juni. Premien? 20 millionar dollar. Skogen har ikkje sponsorar enno, men seier det vil verta til god hjelp for å dekka utgifter knytta til reise og opphald.
– Ein kan tena pengar på turneringar, men det held ikkje åleine. I alle fall ikkje fram til eit visst nivå, legg han til.
Rundt han er det fleire som kjem for å spela golf. Skogen har ei lang historie med golfbana i Sveio.
– Eg hadde spelt litt med bestefar før det. Han hadde mykje land på Bømlo og lærte meg å slå der. Men eg byrja for alvor då eg var fem, og det på golfbana her, seier han.
Sveibu og haugalending
Han flytta til Sveio som niåring og har vore her sidan. Med eigne ord så er han både sveibu og del av ei større blanding.
– Eg vart fødd i Haugesund, og før Sveio budde eg i Etne. Så mogelegvis «haugalending» er eit bra uttrykk i tillegg til sveibu, seier han.
– Du har vore i mange land og spelt på veldig mange golfbaner. Korleis ser Sveio sin ut samanlikna med dei?
– Nokon har mogelegvis meir historie eller prestisje enn andre, men ei golfbane er ei golfbane uansett kvar den er. Eg likar meg her, svarar han.
– Kva synest du om den nye bana dei har laga?
– Den er dritkul, med ny range og korthaldsbane. Den vert ein av, om ikkje, Noreg sitt beste anlegg, seier Skogen.
Praktisk tilnærming
Livet innan toppidrett er for mange utøvarar eit strengt regime, kor dagen startar grytidleg med kuldebad, meditasjon og meir. Skogen har ei meir praktisk tilnærming.
– Eg spelar berre golf. Det er tidenes hobby, som eg vart ekstremt god på. Det er det eg har likt mest å gjera heile livet, seier han.
– Har du noko lukkeobjekt eller rutinar føre turnering?
– Nei. Eg spelar utan caps. Det er vel det mest uvanlege eg gjer, humrar han.
Har spelt over heile verda
I løpet av tida som amatør har han spelt over heile verda.
– Hong Kong, Argentina, USA, og veldig mange stadar i mange land i Europa. Eg har vore mange plasser og spelt mykje er vel lettast å seia, fortel han.
No er byrjinga på karrieren nokre veker unna, og han gler seg til turneringa i Sverige.
– Utanom den har eg ikkje ein så veldig stor start, men det er ein start, smiler han.