nyhende

Gisle Sørhus har lagt ned ein stor innsats i ungdomsarbeidet. Her frå ein konfirmasjon i Sveio kyrkje i 2015. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Gisle Sørhus har lagt ned ein stor innsats i ungdomsarbeidet. Her frå ein konfirmasjon i Sveio kyrkje i 2015.

Klar for konfirmasjon på ein annan måte

Årets konfirmasjonar i Sveio blei i vår utsett grunna koronavirus. No blir det haust-konfirmasjon under strenge smittevernreglar i staden. Det som kanskje rammar hardast er at det blir sett grense for kor mange gjester kvar konfirmant kan ha i kyrkja.

Publisert Sist oppdatert
– Korona får følgjer for konfirmantane, med ulike restriksjonar i kyrkjene, bekreftar sokneprest Arild Steinsland. Siste laurdagen i august skal han konfirmera 16 soknebarn i Førde. Her avbilda i samband med Gjenbruksløa i 2018.

Det ligg an til å bli ein historisk dag med restriksjonar for årets Sveio-konfirmantar. Som ein del av smitteverntiltaka grunna covid-19, blir dei delte i puljer, og kvar konfirmant får berre ha eit visst tal gjester i kyrkja.

Eikeland og Valestrand til Førde

I heile kommunen er det 65 konfirmantar, fordelt på 49 i Sveio sokn, 16 i Førde sokn. I Sveio blir det konfirmasjonsgudsteneste i helga 22. og 23. august, fordelt på fem grupper – tre på lørdagen og to på søndagen.

Førde har si konfirmasjonsgudsteneste siste lørdagen i august. Nytt av året er at her samlast også konfirmantane som soknar til Eikeland kapell og Valestrand kyrkje.

– Me har finrekna på plassane i Førde-kyrkja og kome fram til at 12-14 gjester per konfirmant skal gå greit. Elles vil me prøva å få til ein så normal konfirmasjonsgudsteneste som råd er, fortel sokneprest Arild Steinsland.

– Mykje blir annleis

I Sveio kyrkje blir det ikkje mindre enn fem grupper, med 10 konfirmantar i snitt på kvar. Kyrkja er den største i soknet, men også her avgrensar smittevernet talet på sitjeplassar.

– Maks 19 gjester per konfirmant, trur prest Gisle Sørhus at det blir. Han legg ikkje skjul på at det medfører ein del utfordringar når mange familiar skal samlast på ein plass.

Gisle Sørhus er klar med ikkje mindre enn fem konfirmasjonsgudstenester i Sveio kyrkje i løpet av helga 22. og 23. august. Bildet er frå 2017

– Mykje blir annleis, blant anna blir det ikkje høve til oppstilling for fotografering etter gudstenesta i år, og heller ikkje at folk blir ståande tett utanfor kyrkja etterpå, fortel Sørhus.

Nedskalert førebuing

Konfirmasjonsførebuinga har naturleg nok også vore litt annleis i år. Grunna fare for koronasmitte har aktivitetane blitt nedskalert og kyrkja og prestane har måtta utfordra tradisjonelle måtar å tenkja på.

– Før nedstenginga fekk konfirmantane med seg lysmessa, leiren på Norefjell, og konfirmantfestivalen i Langevåg. Så kom nedstenginga. Ung messe blei digitalisert, det same blei fasteaksjonen. Aksjonen gav forresten svært god utteljing, over 50.000 kroner, og nær innpå fjorårsbeløpet, noko me er svært nøgde med, seier Steinsland.

Førstkomande søndag har han invitert konfirmantane og føresette til eit ekstra oppmøte etter gudstenesta i Førde kyrkje.

– Det skal bli fint å treffast igjen, no har eg ikkje sett dei sidan mars, seier Steinsland. Årets konfirmantar er hans 14. kull i heile hans prestetid i Sveio.

Neste år

Lørdag 19. september er det planlagd kickoff for neste års konfirmantar med føresette i Valestrand kyrkje. Også dei kan enda opp med å bli konfirmert til hausten. Både Sveio og Førde sokneråd har uttalt seg, men det er ikkje teke noko endeleg avgjerd.

– Det me veit sikkert er at det blir eit annleis konfirmasjonsår, der me må vera fleksible og kunna endra på ting undervegs. Eg jobbar med å laga plan for dette nå, fortel prest Gisle Sørhus som hadde sin første arbeidsdag etter sommarferien tysdag denne veka.

Byter kyrkje

På grunn av den pågåande oppussinga av Førde kyrkje, er det no bestemt at konfirmasjonsgudstenesta lørdag 29. august, er flytta frå Førde til Valestrand kulturkyrkje. Dette gjeld alle dei 16 konfirmantane frå Førde, Valestrand og Eikeland. Det opplyser sokneprest Arild Steinsland tysdag denne veka.

Powered by Labrador CMS