nyhende
Klagar på dårleg veg
Ein brukar av Flatnesvegen har sendt klage til Sveio kommune fordi han meiner vegen er heilt elendig.
I fjor haust blei asfalten i Sveio sentrum frest opp og lagt på Flatnesvegen. Ein aldri så liten revolusjon for brukarane av vegen, som var vane med grusdekke og tilhøyrande plager.
Verre enn nokon gong
Men asfaltgranulaten har ikkje svart til forventningane for alle brukarane. Ein av dei som brukar vegen dagleg, meiner vegen aldri har vore verre.
I si klage skriv vedkomande blant anna: «Vegen er så ujamn, det er ubehageleg å køyra bil på han. Den liknar meir ein sti enn ein bilveg…»
Og vidare: «…når ein køyrer bil på vegen, skvett restar frå asfaltgranulata og heng seg på bilen. Dette støvet går ikkje an å vaska av ved vanleg vask, og det lagar merke i billakken.»
Vil gjera tiltak om det vert for dårleg
– Flatnesvegen er ein grusveg, så han vil verta noko ujamn på denne tida av året. Me gjer tiltak dersom det vert for dårleg, i alle fall er det sikkert behov for ein del skraping og eventuelt grusing til våren, seier Frederik Aalo Flood i drift og anleggsavdelinga i Sveio kommune.
Han legg til at det er fint om folk tar kontakt med kommunen dersom det er partier på vegen som er vorten spesielt dårlege, eller det er andre ting dei lurar på.